Endring av utsleppsløyvet til Lerøy Midt AS på Hagahammaren i Aure kommune

Statsforvaltaren har etter søknad endra utsleppsløyvet til oppdrett av laksefisk på lokalitet Hagahammaren i Aure kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.04.2021

Løyvet er endra ved at maksimal tillete biomasse (MTB) er auka med 1560 tonn, frå 3120 tonn til 4680 tonn.

Løyvet trer ikkje i kraft før det er gitt løyve etter akvakulturlova (gjevast av Møre og Romsdal fylkeskommune).

Vedtak med endra utsleppsløyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Kommentarar eller klage på vedtaket sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dokument