Hofseth Aqua AS får endring av løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har den 23.10.2020 endra Hofseth Aqua AS sitt løyve etter forureiningslova.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.10.2020

Løyvet gjeld eit flytande oppdrettsanlegg for laks, aure og regnbogeaure på lokaliteten 13554 Overåneset i Stranda kommune.

Det vart søkt om endring i maksimalt tillat biomasse (MTB) frå 2340 tonn til 3900 tonn.

Hofseth Aqua AS jobbar med å endre plasseringane av anlegga sine i Storfjorden, for å betre miljøbelastning, smitteførebygging, fiskehelse og dyrevelferd. Hofseth Aqua planlegg å avvikle tre av anlegga sine, slik at total MTB i Storfjorden ikkje aukar.

Møre og Romsdal fylkeskommune har opplyst om at Hofseth Aqua har sendt inn melding om å trekke tre lokalitetar. Om det vert gitt løyve til endring på 13554 Overåneset eller 37797 Skjortneset II vil 23695 Skotungneset trekkast inn hausten 2022. Begge desse har no fått innvilga løyve. For at omstruktureringa skal la seg utføre i praksis vil lokalitetane trekkast inn etter at fisken som står der no er ferdig produsert.

Vedtak med løyve kan lesast via lenka på høgre del av denne nettsida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.