Løyve til tiltak i sjø ved Moldegård

Molde og Romsdal Havn IKS får løyve etter forureiningslova til å mudre og sprenge ved hamneterminalen for å auke djupna etter utrasing. Området skal òg erosjonssikrast.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.03.2021

Totalt skal det mudrast om lag 600 m3, der om lag 100 m3 må sprengast laus. Etter mudring og sprenging skal det leggast eit lag med eklogittstein som skal sikre mot erosjon. Tiltaka skal utførast over eit areal på om lag 250 m2. Tiltaka er planlagt utført i perioden sein vår til tidleg sumar 2021. Sprenging kan ikkje utførast før etter 15. juni av omsyn til gytefisk.

Vedtak med løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Kommentarar eller klage på vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan tre veker.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar