Løyve til tiltak ved Seivika ferjekai/liggekai

Statens vegvesen får løyve til mudring og dumping i sjø i Kristiansund kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.12.2018

I tilknyting til at liggekaia ved Seivika skal utvidast, slik at ho får plass til større båtar, skal det mudrast om lag 196 kubikkmeter på sjøbotnen. Massane skal dumpast i nærleiken, men på eit noko større djup.

Vedtak med løyve finn du ved å følgje lenkja til høgre på denne sida.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar