Løyve til utfylling i sjø ved Lepsøya

Møre og Romsdal fylkeskommune får løyve etter forureiningslova til utfylling mellom Lepsøya og Lausundholmen i Ålesund kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.10.2020

Vedtaket er ei endring av eit eldre løyve, slik at det no opnast for ei meir omfattande utfylling med massar frå Nordøyveg-prosjektet. Det kan fyllast ut med opp til 150 000 m3 massar, og tiltaket er planlagt utført i perioden oktober 2020 til desember 2023. Tiltaket vil gje ei utviding av landarealet i eit område regulert til industriformål.

Vedtak med løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar