Løyve til utfylling i Averøy

B-O Service får løyve etter forureiningslova til å fylle ut i sjøen ved eigedomen 78/191 (Storsandøyvegen 283).

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.07.2018

Dei skal fylle ut med om lag 14 000 m3 steinmassar over eit areal på om lag 3 715 m2 for å utvide industriarealet. Løyvet er gyldig til 15.05.2019.

Vedtaksbrev med løyve finn du ved å følgje lenkja til høgre på denne sida.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan tre veker. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar