Mellombels utsleppsløyve til Lerøy Midt AS på Kjerstad i Ålesund kommune
Statsforvaltaren har etter søknad gitt auka utsleppsløyve til oppdrett av laksefisk på lokalitet Kjerstad i Ålesund kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 15.06.2021
Løyvet gjeld matfiskanlegg for laksefisk med maksimal tillete ståande biomasse (MTB) på 6240 tonn. Løyvet trer ikkje i kraft før det er gitt løyve etter akvakulturlova (gjevast av Møre og Romsdal fylkeskommune). Grunna usikkerheit rundt strømmålingar er løyvet tidsavgrensa til eit utsett/31.12.2023.
Vedtak med utsleppsløyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.
Kommentarar eller klage på vedtaket sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.