Statsforvaltaren har tilsyn med forureining
Statsforvaltaren fører tilsyn med at verksemder følgjer krava i forureiningslova med forskrifter. Vi kontrollerer utslepp til luft, vatn og grunn og handtering av avfall og kjemikal. Vi kontrollerer ved å gå gjennom dokumentasjon og snakke med tilsette. I tillegg sjekker vi ute på anlegget at det vi har fått vite i dokument og intervju stemmer med det vi ser.
Tilsynsaksjonar
Mange av tilsyna inngår i aksjonar, enten landsdekkjande eller regionale. Aksjonane vert gjennomførte i samarbeid med Miljødirektoratet.
Tilsyn der risikoen er størst
Vi kontrollerar der det er mest truleg at det er brot på regelverket, og der dette har størst verknad på miljøet. Tema i dei fleste tilsyna er prioriterte miljøgifter, handtering av farleg avfall og kjemikal, forureining og internkontroll.
Oppfølging etter tilsyn
Vi følgjer opp alle tilsyna der vi har avdekka brot på regelverket. Vi gir ein tidsfrist for å rette opp avvika. Ved manglande tilbakemelding vert det varsla tvangsmulkt. I tillegg kan vi følgje opp med strengare reaksjonar ved alvorlege brot.
Informasjon
Lengre ned på denne sida finn du informasjon om tilsynsaksjonar. Du kan finne meir informasjon om landsdekkjande aksjonar hos Miljødirektoratet. Rapportar etter tilsyn ved verksemder med utsleppslyve vert lagt ut på nettstaden Norske utslipp.
Mange hamner i fylket manglar avfallsplan
Fylkesmannen i Møre og Romsdal etterlyser avfallsplanar frå mange hamner i fylket som framleis ikkje har levert. Miljødirektoratet saman med fylkesmennene sett no i verk ein aksjon for å sørgje for at hamner som framleis ikkje har godkjend avfallsplan, får fortgang i arbeidet og følgjer regelverk.
Viss du treng hjelp til å kome i gang med arbeidet så finn du lenker til meir informasjon og hjelp på denne sida.