Ålesund kommune - løyve til utfylling i Gangstøvika

Kommunen får løyve etter forureiningslova til utfylling som del av sikringa av det gamle deponiet i området og for å oppnå auka areal i tråd med reguleringsplan.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.09.2022

Dei skal nytte om lag 107 000 m3 massar frå Vegvesenet sitt prosjekt ved Lerstadtunnelen til utfyllinga. Arealet på sjøbotnen som vert fylt ut, inkludert fyllingsfoten, vert på om lag 7 500 m2. Tiltaket er planlagd utført frå hausten 2022 til vinteren 2023.

Vedtak med løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Klage eller kommentarar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan tre veker.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar