Løyve til mudring i Nørvasundet, Ålesund

Mostein Kaupangen AS får løyve etter forureiningslova til mudring for å utvide ei småbåthamn og oppnå tilstrekkeleg djupne for båtane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.12.2021

Totalt skal det mudrast om lag 4 000 m3 massar over eit areal på om lag 1 500 m2. Noko sprenging for å få laus fjell på sjøbotnen kan òg verte aktuelt, og etablering av mellombels steinfylling. 

Vedtak med løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Klage eller eventuelle kommentarar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan tre veker.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar