Løyve til tiltak i sjø ved Nyhamna i Aukra kommune

A/S Norske Shell får løyve etter forureiningslova til mudring, sprenging, dumping og utfylling i sjø.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.04.2022

Mudring, sprenging og utfylling skal gjerast ved eigedomen gnr. 11 bnr. 10. Muddermassar som ikkje er forureina skal dumpast i sjø nord for Nyhama ved ein lokalitet som tidlegare har vorte nytta til dumping. Tiltaka gjerast i tilknyting til prosjektet Ormen Lange Fase 3. Planlagd oppstart er våren 2022. 

Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Klage eller eventuelle kommentarar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan tre veker.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar