Løyve til utfylling i Kolvika i Ålesund

Kolvika Brygge AS får løyve etter forureiningslova til utfylling ved gnr. 136 bnr. 22.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.11.2021

Det skal fyllast ut med om lag 5 000 m3 massar over eit areal på 1 100 m2. Hensikta med tiltaket er å leggje til rette for framtidig utbygging til næringsføremål. Sjølve utfyllinga er venta å ta om lag ein månad å utføre.

Vedtak med løvye kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Klage eller kommentarar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan 3 veker.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar