Løyve til utfylling i sjø i Sula kommune
HI Giørtz Sønner AS får løyve etter forureiningslova til utfylling ved gnr. 61 bnr. 142 ved Sjukeneset.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 06.09.2021
Eit areal på om lag 30 000 m2, inkludert fyllingsfot, skal fyllast ut. Tiltaket skal utførast ved at det fyrst lagast ein sjeté som det so fyllast ut på innsida av. Tiltaket har planlagt oppstart hausten 2021 og er planlagd å vere ferdig innan utgangen av 2025.Det utvide arealet skal verte oppstillingsplass for bilar og gjeve plass til nye bygningar.
Vedtak med løvye kan lastast ned via lenkja til høgre på denne nettsida.
Klage eller kommentarar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Kontaktpersonar
-
Thomas Aurdal
Tlf: 71 25 84 67 / 41 51 28 74