Løyve til utfylling i sjø ved Nordheim i Aure

MOWI avd. Nordheim får løyve etter forureiningslova til å fylle ut ved anlegget sitt, gnr. 234 bnr. 1. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.11.2021

Volumet til fyllinga er estimert til opp til 40 000 m3 opp til kote 0 og ytterlegare opp til 30 000 m3 frå kote 0 til kote +3,0. I tilegg skal det mudrast om lag 1 000 m3 i det same området. Hensikta med tiltaka er å utvide arealet til verksemda. Tiltaka er planlagd utført i perioden sein haust 2021 til 31. januar 2022, med stans i arbeidet i gyteperioden til torsken. Arbeidet skal startast opp igjen i juni og vere ferdig innan 1. september 2022.

Vedtak med løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Klage eller kommentarar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar