Løyve til utfylling ved Kamsodden i Rauma kommune - Molde og Romsdal Havn IKS

Statsforvaltaren vedtek løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø i eit område på om lag 1800 m2 ved Kamsodden i Rauma kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.04.2023

Det skal nyttast 3-4000 m3 steinmassar. Utfyllinga skal gjerast for å rehabilitere og utvide eksisterande tømmerkai.

Ein eventuell merknad til vedtaket skal sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan tre veker etter kunngjeringa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar