Rettleiing for bransjar og aktivitetar

På denne sida finn du artiklar og temasider med informasjon frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal om ulike bransjar og aktivitetar innanfor forureining og avfall.

Informasjon og rettleiing som ikkje er knytt til verksemder, bransjer eller aktivitetar finn du på sida "Andre tema".


Publisert 28.06.2021

Forbrenningsanlegg med reine brensel

Dette er ei informasjonsside for verksemder med forbrenningsanlegg med reine brensel som fell inn under kap. 27 i forureiningsforskrifta. På denne sida er det samla relevant informasjon og dokument knytt til det aktuelle kapittelet i forskrifta. Det er Statsforvaltaren som er forureiningsmyndigheit for denne bransjen.


Publisert 28.06.2021

Krematorium

Utslepp frå krematorium er regulerte gjennom kapittel 10 i forureiningsforskrifta. Der er det krav som gjeld utslepp til luft og vatn i tillegg til krav som gjeld forbrenningsteknikk og tilhøve i skorsteinen. Det er også krav om at resultat frå målingar av utslepp skal rapporterast til forureiningsmyndigheita.


Publisert 28.06.2021

Mellombels anleggsarbeid

Mellombels anleggsarbeid treng som oftast ikkje løyve frå Statsforvaltaren, men som utbyggar eller tiltakshavar har du ansvar for å sikre at sjø og vassdrag ikkje blir skadelidande av ditt anleggsarbeid. På denne sida finn du informasjon om korleis du sikrar at det blir tatt omsyn til miljøet i store og små utbyggingsprosjekt.


Publisert 28.06.2021

Mudring, dumping og utfylling

Mudring, dumping og utfylling i sjø er aktivitetar som kan påverke det akvatiske miljøet. I dei fleste tilfella må ein ha løyve frå Statsforvaltaren til slike tiltak. Tiltaka kan medføre risiko for spreiing av miljøgifter, partiklar og avfall, og føre til at naturverdiar vert skada eller forstyrra.


Publisert 28.06.2021

Forureiningar frå produksjon av pukk, grus, sand og singel

Dette er ei informasjonsside for føretak som driv produksjon av pukk, grus, sand og singel og fell inn under kap. 30 i forureiningsforskrifta. På denne sida er det samla relevant informasjon og dokument knytt til denne forskrifta. Det er Statsforvaltaren som er forureiningsmyndigheit for denne bransjen.


Publisert 28.06.2021

Skipsverft og mekanisk overflatebehandling av metallkonstruksjonar

Dette er ei informasjonsside for føretak som driv «mekanisk overflatebehandling og vedlikehold av metallkonstruksjoner» og fell inn under kap. 29 i forureiningsforskrifta. På denne sida er det samla relevant informasjon og dokument knytt til denne forskrifta. Det er Statsforvaltaren som er forureiningsmyndigheit for denne bransjen. 


Publisert 28.06.2021

Fiskeforedlingsbedrifter

Dette er ei informasjonsside for føretak som foredlar fisk og fell inn under kap. 26 i forureiningsforskrifta. På denne sida er det samla relevant informasjon og dokument knytt til denne forskrifta. Det er Statsforvaltaren som er forureiningsmyndigheit for denne bransjen.