Tiltak mot forureining etter Miljøservice Eide
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har sett i gang tiltak for å hindre spreiing av forureining frå anlegget til Miljøservice Eide AS som gjekk konkurs i 2020.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
– Det låg store mengder avfall på området på konkurstidspunktet. Tilhøva var uoversiktlege, og vi meiner at det er fare for uakseptabel forureining frå området, seier fagleiar Christian Dahl hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Får midlar frå Miljødirektoratet
Statsforvaltaren har vore forureiningsmyndigheit for anlegget, men har ingen midlar som kan brukast i slike saker.
– Vi har derfor søkt Miljødirektoratet om midlar som direktoratet deler ut til prosjekt for opprydding av forureina grunn. I 2022 fekk vi tildelt 2 millionar kroner, og vi har nyleg fått 3,5 millionar for 2023.
I fjor brukte Statsforvaltaren dei tildelte midlane til å fjerne avfall, slik at det blei mogleg å avdekke grunnen og hindre vidare tilførsel av farleg avfall til grunnen.
– Vi sørga også for å ta prøver av grunnen i området og sette ned miljøbrønnar der det skal bli tatt prøver av vatn i 2023. Vassprøvene skal analyserast for innhald av miljøgifter. Dei grunnprøvene som allereie er analyserte, viser at det er miljøgifter i grunnen fleire stader på området.
Skal analysere grunnen
I 2023 skal midlane Statsforvaltaren får av Miljødirektoratet brukast til å analysere grunnen betre og til å undersøke om forureinande stoff lekk ut frå området.
– Når vi har fått tilstrekkeleg oversikt over forureiningssituasjonen, skal vi lage ein tiltaksplan som seier noko om korleis anleggsområdet og miljøet rundt bør sikrast mot å bli meir forureina. Avfall som er lagra i området, vil bli fjerna dersom vi får nok midlar til det. Å få store mengder avfall ut frå området, vil gi utgifter på mange millionar kroner, seier Dahl.
Tiltak på tomta som kommunen eig
Tiltaka som Statsforvaltaren set i verk, skjer på den eine av to eigedomar som blei brukt til avfallsanlegg. Begge eigedomane var eigd av Miljøservice Eide AS. Eigedomen mot vest blei overført til Eiendomsselskapet Stykkje AS etter konkursen. Eigedomen mot aust er overført til Torvvegen 28 AS som er eigd av Hustadvika kommune, og det er der staten no gjer tiltak. På den vestlege delen har grunneigar høve til å rydde fram til 2. juni 2023.
– Det er skrive avtale med grunneigar om at dersom det ikkje er rydda opp innan den tid, kan Statsforvaltaren krevje at eigedomsretten blir overført til den vi måtte ønskje.
Vil krevje erstatning for utgifter
I tillegg til midlane Statsforvaltaren fekk frå Miljødirektoratet i 2022, vart også 158 000 kroner som hadde tilhøyrt Miljøservice Eide AS brukt. Desse pengane stod på sperra konto som finansiell sikring ved eventuell konkurs.
– Statsforvaltaren kjem til å rette krav på vegner av staten mot den ansvarlege for forureininga. Kravet vil gjelde erstatning for dei utgiftene staten har hatt og vil komme til å få, avsluttar Christian Dahl.