Veidekke må betale tvangsmulkt
Veidekke i Kristiansund har ikkje gjennomført alle tiltaka som Statsforvaltaren sette som krav for å redusere lukta frå anlegget. Dei må betale tvangsmulkt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Statsforvaltaren gjorde eit tilsyn ved verksemda 10. mai i år.
- Vi fann at Veidekke ikkje har gjennomført tiltaka etter plana for å redusere utslepp av lukt, fortel Christian Dahl, fagleiar hos Statsforvaltaren.
Har gjennomført deler av tiltaka
Veidekke har fullført første del av tiltaka, som hadde frist 1. februar i år. Dei har bygd inn nedre del av siloanlegget, og laga eit avsug til ny reinsecontainer frå dette. To ståande bitumen-tankar er og kopla til den nye reinsecontainer, slik plana la opp til.
– Veidekke skulle også bygge ei sluse der dei lastar asfalt til lastebilar. Dette andre tiltaket hadde frist 30. april i år. Slusa er ikkje bygd, seier Dahl.
Tvangsmulkt
Statsforvaltaren varsla ei tvangsmulkt på 1,5 millionar kronar dersom tiltaka ikkje vart gjort.
– Sidan Veidekke har gjennomført eit av tiltaka, vert mulkta no på 750 000 kroner. Brev om innkreving av pengane vil bli send til Veidekke 22. juni i år, seier Christian Dahl.