Naturmangfald

Oppdatert 14.11.2023

Naturen skal forvaltast slik at plantar og dyr som finst naturleg i Noreg, skal sikrast i levedyktige bestandar. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finst i naturtypar, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfaldet

Alle typar inngrep i naturen kan true naturmangfaldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensane av inngrep som for eksempel større vegar eller nye bustadområde.

Dei to viktigaste lovene for å sikre naturmangfaldet er naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Naturmangfaldlova pålegg styresmaktene å vurdere tiltak når naturen er trua.

Statsforvaltaren er med på å sikre at leveområde, artar og naturressursar blir tekne vare på, blant anna ved å kontrollere at kommunane følgjer naturmangfaldlova, og sørgje for at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale avgjerder.

Trua artar og naturtypar

Meir enn 2000 plante-, sopp- og dyreartar står i fare for å bli utrydda i Noreg.  Regjeringa har peikt ut nokre av dei trua artane og naturtypane som «prioriterte artar» eller «utvalde naturtypar». Desse blir det teke særleg omsyn til i forskrifter til naturmangfaldlova. Statsforvaltarane har ansvar for det faglege grunnlaget for nye handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og for å gjennomføre tiltaka når planane er vedtekne. I mange tilfelle blir tiltaka utførte i samarbeid med grunneigarar, kommunar og foreiningar. 

Framande artar

Framande artar er plantar og dyr som ikkje høyrer naturleg heime i naturen vår. Meir reising, meir handel og eit mildare klima er nokre av årsakene til at det kjem nye framande artar til Noreg.

Det er viktig at framande artar ikkje skadar økosystema våre. Statsforvaltaren deltek i arbeidet med å nedkjempe framande skadelege artar, blant anna ved å fjerne framande plantar frå verneområde og informere hageeigarar om kva for plantar dei helst ikkje bør bruke. Statsforvaltaren har også oppgåver knytte til kartlegging og overvaking av framande artar.

Vis meir


Publisert 15.12.2022

Tilskot til ulike naturforvaltingstiltak 2023

Frist for å søkje om statlege tilskot til naturforvaltingstiltak er 15. januar 2023 for dei fleste av tilskotsordningane. Søknad sendast inn via Miljødirektoratets søknadssenter.


Publisert 10.10.2022

Møteserie om kantsonar og biologisk mangfald hausten 2022

Norsk landbruksrådgivning Nordvest og lokale Bonde- og Småbrukarlag arrangerer ein møteserie om kantsoner og biologisk mangfald i fleire kommunar i november/desember 2022. 


Publisert 20.05.2022

Verdsdagen for bier

I dag, 20. mai, er det verdsdag for bier. I Noreg er det påvist 208 arter, og det gjeld både humler, villbier og honningbia. Denne dagen er med på å rette fokus og betydning på desse viktige artane, som spelar ei sentral rolle for det biologiske mangfaldet og økosystema på jorda. 


Publisert 19.04.2022

Skjøtsel av trua kystlynghei

Kystlynghei er ein sterkt trua naturtype som treng skjøtsel for ikkje å forsvinne. Finn informasjon og rettleiing til å utvikle og gjennomføre bevarings- og forvaltningstiltak her! 


Publisert 11.08.2021

Vil DU vere med å kartlegge naturen vår?

Naturmangfaldet treng deg! At du registrerer artar er eit viktig bidrag til forvaltninga sitt arbeid med å sikre berekraftig bruk av naturen.


Publisert 30.07.2021

Hjelp til med nedkjemping av framande planteartar!

Framande artar regnast å vere ein av dei største truslane mot biologisk mangfald i Noreg og elles i verda. Her kan du lese meir om kva du kan gjere for å stoppe spreiinga!


Publisert 09.11.2020

Tilskot til fiskeformål

Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og utvikle bestandar av anadrome laksefisk, og leggje til rette for fiske etter anadrome laksefisk. Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssystem innan 15. januar.


Publisert 08.08.2019

Har du slept fri ein hagerømling?

Du må passe godt på hageplantane dine. Nokre av dei kan stå på lista over planter det er forbode å innføre, omsette og sette ut. Ikkje la desse plantane stikke av frå din hage!


Publisert 08.08.2019

Tilråding om vern av fire skogområde

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i samarbeid med Allskog hatt verneplanprosessar på fire skogområde gjennom ordninga frivillig vern. Sjeldan og trua natur er tilbydt vern av grunneigarar som mottek ei erstatning for tapt skogsdriftsinntekt av trevirke. I juni sendte Fylkesmannen tilråding om tre nye områder, samt utviding av eit eksisterande naturreservat, til Miljødirektoratet.


Publisert 06.08.2019

Korallar i Møre og Romsdal

I media høyrer vi ofte om dei fargerike tropiske korallreva på grunt vatn. Dei siste åra har vi høyrt meir om at vi har korallar på djupt vatn på sokkelen utafor Norskekysten. At vi óg har korallar inne i fjordane våre er det sjeldnare vi høyrer om. Men dei er der!