Auka innsats mot strandsøppel i Sør-Smøla

Statens naturoppsyn har løyvt nye kr. 150.000,- i tiltaksmidlar til rydding av strandsøppel i Sør-Smøla landskapsvernområde. Midlane skal brukast til opprydding av strandsøppel som ligg att etter Dagmar-orkanen, og nytt søppel som har kome til i løpet av siste vinter.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.07.2013

Fylkesmannen har oppfordra til å auke løyvinga til søppelrydding, og det er inngått avtalar med lokale grunneigarar og firma om å rydde. Samla vert det rydda for om lag 1 mill. kr i 2012 og 2013.

Dette arbeidet gjev gode resultat, og ein kan ved sjølvsyn sjå at tilstanden har vorte kraftig betra. Sør-Smøla er eit verdfullt kultur- og naturlandskap med store verneverdiar innan både dyre- og planteliv, og det er viktig å fjerne plast og anna som dekkjer strendene.

Dessverre er det veldig mykje søppel i havet, så ein ny ekstremstorm vil gje nye tilførslar. Miljødirektoratet oppmodar til handling mot marint søppel, sjå linken til høgre:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.