Klimasnu

Eit av dei tverrfaglege satsingsområda til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er klimaomstilling. Satsinga har fått namnet Klimasnu.

Klimaendringane er ei av dei største utfordringane vi står ovanfor, og Statsforvaltaren skal medverke til gjennomføring av den nasjonale klima- og miljøpolitikken.

I tråd med visjonen vår - ei trygg framtid for folk og natur, skal vi arbeide for å redusere klimagassutslepp i fylket. Vi skal også bidra til at samfunnet blir godt budd på, og blir tilpassa eit klima i endring.

Satsinga Klimasnu skal

  • vere ein regional pådrivar for klimagassreduksjon og klimatilpassing
  • styrke klimakompetansen, både internt i embetet, ute i kommunane og ved andre sentrale aktørar
  • utvikle fylket i ei klimavennleg retning for å nå lågutsleppssamfunnet
  • sørge for at Møre og Romsdal er klar til å takle klimaendringane som kjem

Satsinga er forankra i Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sin strategiplan for perioden 2020-2023.


Publisert 04.01.2024

Klimasatsstøtte 2024

Manglar din kommune pengar for å få på plass eit godt klimabudsjett eller gode sirkulære løysingar? Treng de støtte til å jobbe med arealnøytralitet eller til tiltak som reduserer klimagassutsleppa? Da må de søke om pengar frå Klimasats innan 15. februar!


Publisert 29.11.2023

Klimasnukonferansen 2023

Klimasnukonferansen 2023 blei arrangert i Ålesund 14. til 15. november. Sjå alle presentasjonane og les alt om konferansen her.


Publisert 23.11.2023

La «Black Week» bli «Green Week»!

I mange år har vi uavgrensa tatt frå naturen. Vi har brukt og kasta. No ser vi resultatet av overforbruket. Artar døyr ut, og økosystema blir utfordra. Det må snu!


Publisert 12.06.2023

Kven bør få Klimasnuprisen 2023?

Skjema for å nominere til Klimasnuprisen 2023 er no opna!


Publisert 19.05.2023

Meld deg på Klimasnukonferansen 2023!

Klimasnukonferansen 2023 arrangerast i Ålesund 14. til 15. november. Programmet er under utarbeiding, men du kan melde deg på allereie no.


Publisert 25.04.2023

Digital verkstad for klimabudsjett

13. april arrangerte fylkeskommunen og statsforvaltaren digitalt verkstad for kommunane i klimabudsjett. Her kan du sjå den digitale delen i opptak. Vi har også lagt ut gruppeoppgåvene og hjelpemiddel for vidare arbeid ute i kommunane.


Publisert 13.02.2023

Klimasats 2023


Publisert 22.11.2022

Frå Black Week til klimasnu!

«Vi er i vårt livs kamp. Og vi taper. Klimagassutsleppa fortsett å auke. Globale temperaturar fortsett å stige. Planeten vår nærmar seg raskt vippepunktet som vil gjere klimakaoset irreversibelt. Vi er på motorvegen til klimahelvete med foten på gasspedalen.»


Publisert 07.10.2022

Meir bruk av tre i offentlege bygg - søk om midlar til kommunen sine prosjekt!

Ønsker din kommune å bruke meir tre i byggeprosjekt? Kanskje de også har ambisjonar om sirkulære løysingar? Då kan de søke om støtte og få inntil 40 000 kroner som de kan nytte til utgreiing, forprosjekt eller studieturar.


Publisert 19.05.2022

Kurs i klimagassar frå landbruket - unikt tilbod til kommunane i Møre og Romsdal

Statsforvaltaren har i samarbeid med Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) arrangert kurs med tema klimagassar frå landbruket


Kontaktpersonar

Klimaomstilling

Med klimaomstilling meiner vi både endringar i samfunnet som gjer det mogleg å redusere klimagassutslepp og endringar som bidrar til at samfunnet er godt budd på og tilpassa eit klima i endring. 

 

KLIMAGASSREDUKSJON

For å bremse den globale temperaturstiginga i tråd med Parisavtalen må store kutt i utsleppa på plass innan 2030. Det er behov for ei stor omstilling av samfunnet i Noreg, òg i Møre og Romsdal. Får å få til dette, må det settast inn tiltak og verkemiddel for å redusere utsleppa, men òg for å auke opptak av klimagassar.

 

KLIMASTILPASSING

Klimatilpassing inneber å tilpasse seg eit klima i endring. Både for å hindre eller redusere skade, men òg for å utnytte moglegheitene som endringane kan føre med seg. Å ta omsyn til eit klima i endring er naudsynt for å gjere samfunnet meir motstandsdyktig – i dag og i framtida.

Kva er berekraftig matproduksjon?

Nettsida bærekraftigmatproduksjon.no syner på ein pedagogisk måte den kompliserte samanhengen mellom matproduksjon, klima og bruk av areal.

Vi følgjer familien Hansen som stiller nokre spørsmål før dei kan bestemme seg for kva dei skal ha til middag. Mellom anna lurer dei på: "Skal vi velje vegetarburgar eller hamburgar?", "Har dyra hatt det bra?", "Er det så viktig at maten er produsert i Norge?" og "Kva kostar det eigentleg?".

Nettsida passar fint for å formidle korleis maten blir produsert. Bruk gjerne nettsida i skolen!

Sida er produsert i samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og fleire miljø- og landbruksorganisasjonar.