Norinsect i Stordal vinner KLIMASNUprisen 2023!
– Vi håper årets pris inspirerer til samarbeid om sirkulær utnytting av ressursar her i fylket, seier juryen. Norinsect nyttar avfall frå matproduksjon på Stranda til å produsere larver som går til fôr til dyr.
Statsforvaltaren deler årleg ut KLIMASNUprisen for å motivere til klimaomstilling i Møre og Romsdal.
Berekraftig mat
– I år var ikkje juryen i tvil. Vinnaren produserer berekraftig mat til dyr. I verda veks behovet for føde, for protein. Norinsect produserer dette samstundes som dei sett eit svært svakt klimafotavtrykk, seier statsforvaltar Else-May Norderhus som leia juryen.
Ho seier at å skaffe nok mat til både menneske og dyr, med minst mogleg klimagassutslepp og øydelegging av natur, er eit av dei store berekraftdilemmaa vi må løyse.
At Norinsect har etablert seg lokalt i Stordal, i eit fråflytta fabrikkbygg, ser også juryen positivt på.
– Dei sysselsett 14 personar, deriblant lokal ungdom, og skapar arbeidsplassar i distriktet.
Delt ut på Nyttårskonferansen
Statsforvaltar Else-May Norderhus delte ut prisen under middagen på Nyttårskonferansen 4. januar. Konferansen er for leiarar i offentleg sektor i Møre og Romsdal.
Vinnaren får 10 000 kroner og kunst laga av barn ved Kulturskolen i Kristiansund.
Prisen motiverer
Dagleg leiar ved Norinsect, Harald Larsen Espeland, er glad for prisen.
– Klimasnuprisen er ein stor anerkjenning av satsinga vår. Den gir motivasjon til å halde fram. Vi har lagt ned uhorveleg mange timar for å komme der vi er i dag, difor er det ekstra stas med slik merksemd, seier han.
Starta på garasjeloftet
Peder Vikenes kom opp med ideen om å avle fram larver i 2014 og starta med testing på garasjeloftet. Han kopla til seg Espeland som følgde opp med testing i ein kjellarstue, og så i ein campingvogn. I dag er insektfabrikken i Stordal på ca. 3500 kvadratmeter.
– Utgangspunktet var Peder sin tanke om at vegetasjonen langs elva er viktig, sidan det er insekt der som laksen et. Han ville bevise at insekt også kan ha ei rolle i lakseoppdrett, og slik starta gründerverksemda, fortel Espeland.
Vil bli ein betydeleg leverandør
Han seier at målet til Norinsect er å gjere fôr til laks, kylling og andre dyr meir klimavennleg. Dei ønsker å bli ein betydeleg leverandør i Norge og Europa, og skal i år levere ingrediensar som vert nytta i pellets.
– Vi er i ein oppskaleringsfase, og har som mål å produsere 10-15 tonn hausta larver per uke frå andre halvår i år, seier Espeland.
Lenkjer
Tidlegare vinnarar
Nominerte i år
Nominerte til Klimasnuprisen 2024 som oppfylte kriteria for prisen:
- NorInsect
- Møbelsnekkeriet Angvik AS
- Solem Sag AS
- Matredderne - Dalabrekke og Gomalandet SFO
- Gossen bygdekvinnelag
- Klimakrav i anlegg av ny veg til Lerstad – Statens vegvesen
- Bruprosjekt i Grødalen, Sunndal kommune
- Natur og friluftsliv i Norlandet barnehage
- Indikatorprosjektet - SEBAN