"Hatet forvitre - Kjærlighet vinne!"

Tre lys
Tre lys Foto: Gudmund Nese.

Dette er dei to siste linjene i diktet som Synnøve på 16 år skreiv i 2011. Det er dette diktet statsforvaltar Rigmor Brøste avslutta sitt minneord med i minnemarkeringa etter 22. juli terroren i Molde domkirke 10 år seinare.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.07.2021

Den offisielle minnemarkeringa i Molde domkirke

I Møre og Romsdal blei 22. juli markert med ei offisiell minnemarkering i Molde domkirke. Denne minnemarkeringa var eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Biskopen i Møre, Støttegruppa for 22. juli Nordvest og Moldejazz.

Det har gått 10 år sidan terrorhandlingane på Utøya og i regjeringskvartalet der 77 menneske vart drepne.

Det var ei fullsatt kirke (etter smittevernreglane) som overvar minnemarkeringa.

Foto: Gudmund Nese.

Kirkeklokkar over heile landet ringte i 5 minutt for å minnast ofra for 22. juli terroren.

Miriam Venås innleda minnestunda med Ane Brun sin sang, "Du gråter så store tåra".

Miriam Venås sang "Du gråter så store tåra". Tekst og melodi: Ane Brun
Miriam Venås sang "Du gråter så store tåra". Tekst og melodi: Ane Brun Foto: Gudmund Nese.

Tre lys

Tre lys
Tre lys Foto: Gudmund Nese.

I Minnemarkeringa i domkirka blei det tent lys for dei tre ungdommane frå  Møre og Romsdal som mista livet denne dagen;

Ved eksplosjonen i regjeringskvartalet omkom
Jon Vegard Lervåg (32 år) frå Ålesund.
På Utøya blei Guro Vartdal Håvoll (18 år) frå Ørsta og
Sverre Flåte Bjørkavåg (28 år) frå Sula drepne.

Jakob Vorren, Kristina Mari Roald og Rigmor Brøste tenner lysa
Jakob Vorren, Kristina Mari Roald og Rigmor Brøste tenner lysa Foto: Gudmund Nese.

Alle tre vart offer for angrepet på våre demokratiske verdiar.

Samtale med overlevande

Biskopen hadde ein samtale med Jakob Vorren som var overlevande etter Utøya og Kristina Mari Roald som er leiar av AUF i Møre og Romsdal.

Biskop Ingeborg Midttømme i samtale med Jakob Vorren og Kristina Mari Roald
Biskop Ingeborg Midttømme i samtale med Jakob Vorren og Kristina Mari Roald Foto: Gudmund Nese.

Ord 

Slik avslutta statsforvaltar Rigmor Brøste sin appell i domkirka:

- Det er viktig å få historia om 22. juli inn i skuleverket. For no kjem det nye generasjonar i skulen som ikkje hugsar 22. juli.

- Alle kommunane i landet har fått i oppdrag å arbeide mot radikalisering og å sette utanforskap høgt på dagsorden. Eit arbeid som bør gjerast i lag med ungdommen.

- For om vi skal demme opp for fordommar, hat og intoleranse – så må vi mobilisere alle krefter og stå saman: I lokalsamfunnet, i vennegjengen, blant kolleger – og rundt middagsbordet heime.

- Vi kan alle gjere ein skilnad. Vi må hindre at radikale haldningar blir til radikal adferd. Og vi må arbeide for at ingen born opplever å stå utanfor. 

- Ein trygg og god barndom varer heile livet !

- I dag, 10 år etter, står vi i Møre og Romsdal saman med resten av nasjonen. Vi er her for kvarandre. Vi er medmenneske.  Og det er håp – framtidshåp!

- Eg vil avslutte med eit lite dikt som Synnøve på 16 år skreiv i 2011. Bror  hennar overlevde angrepet, og diktet heiter «sekundene tikker» - Her er siste vers:

Mitt lille land
Mørket skal svinne!
Hatet forvitre
Kjærlighet vinne!

 

Musikk og ettertanke

Den siste halvtimen sang Ingvild Lilletvedt sine egne sanger, akkompagnert av Magnus Moksnes Myhre.

Ingvild Lilletvedt og Magnus Moksnes Myhre
Ingvild Lilletvedt og Magnus Moksnes Myhre Foto: Gudmund Nese.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.