Fest for nye norske borgarar
I dag vart 300 nye norske statsborgarar feira i Molde. Bjørnsonsalen i Scandic Seilet Hotell var full av fargar og fine drakter. Her var personar frå 91 ulike land.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
– Som norsk statsborgar lovar eg truskap til mitt land Noreg, og det norske samfunnet. Eg støttar demokratiet og menneskerettane og vil respektere Noregs lovar.
Slik lyder truskapsløftet som alle dei nye statsborgarane sa i kor, ståande. Like etter song dei nasjonalsongen «Ja, vi elsker dette landet».
Frå mange land
1317 personar i Møre og Romsdal fekk nytt norsk statsborgarskap i året som gjekk. Dei kom frå 94 ulike land. I overkant av 300 av desse takka ja til å delta på statsborgarseremonien i dag. Det vart to seremoniar, og alle som møtte fram vart fotografert.
Statsborgarseremoniane inneheld musikk, talar og framseiing av truskapsløfte. Alle dei nye statsborgarane fekk gåveboka "Velkommen som ny statsborgar".
Positiv og minnerik dag
Statsforvaltar Else-May Norderhus heldt hovudtalen til dei nye statsborgarane. Ho sa at dei nok alle har ulike historier om integreringa og inngangen i det sosiale livet i Noreg.
– Vi ønsker at denne seremonien skal gi dykk ein positiv og minnerik dag, uansett kva bakgrunn du har for å komme til Noreg.
Alle kan bidra i fellesskapet
Statsforvaltaren sa at Noreg er eit av dei beste landa å bu og leve i. Ho oppmoda dei nye borgarane til å delta – både i jobb, i frivilligheit, sosialt og ved å nytte sin nye stemmerett, allereie no i haust.
– De har alle moglegheit til å finne dykkar plass i samfunnet, og til å bidra med kva de har og kan, sa ho, og peika på viktige verdiar som demokrati og ytringsfridom.