Program for Kongeparets fylkestur i Møre og Romsdal
Velkommen til Deira Majestetar Kongen og Dronninga sin fylkestur i Møre og Romsdal 30. august - 1. september 2022.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kongeparet besøker Fjord, Sykkylven, Vanylven, Sande og Hareid kommunar på reisa si.
Her finn du programmet for turen
Fjord kommune - tysdag 30. august (kl. 10:30)
Fylkesturen startar i Fjord kommune. Her vert det folkefest på det nye Syltetorget i jordbærbygda Valldal.
Sykkylven kommune - tysdag 30. august (kl. 16:00)
Neste stopp er møbelbygda Sykkylven på festplassen ved kyrkja i sentrum.
Vanylven kommune - onsdag 31. august (kl. 10:30)
I Åheim møter innbyggjarane Kongeparet på kunstgressbanen ved Olivinhallen. Dei besøker også Sankt Jetmund kyrkja. Ei lita langkyrkje i stein frå rundt 1150.
Sande kommune - onsdag 31. august (kl. 16:00 og 19:30)
I Sande får Kongeparet og folket oppleve kulturinnslag ved rådhuset. Dei får mellom anna sjå eit spesialutdrag av det lokalhistoriske Arthur-spelet.
Om kvelden kl. 19:30, inviterer kommunen Kongeparet til middagsshowet "Feel Royal" på landsbyhuset Breidablikk.
Hareid kommune - torsdag 1. september (kl. 10:30)
På den siste dagen av fylkesbesøket kjem Kongeparet til Hareid. Her samlar folket seg i sentrum.
Det er lange fangsttradisjonar i Hareid. Ein tur til Ishavsmuseet er difor på sin plass.
Kongeskipet Norge vil bli nytta under fylkesturen.
Kontaktpersonar
-
Lena Skattum Sandvik
Tlf: 71 25 85 55 / 95 16 90 76 -
Elin Røshol
Tlf: 71 25 85 13 / 90 86 72 16