Podkast - For folk og natur
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal starta opp med podkast i januar 2022.
Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.
Vi ønsker å opplyse og informere om tema som vi arbeider med, og håper at podkasten kan gi eit godt innblikk i vårt mangfaldige saksområde.
Ein podkast er lett tilgjengeleg, og kan lyttast til når folk har tid og lyst. Derfor vel vi den kanalen. Podkasten er retta mot alle innbyggarar i fylket - og innhaldet kan også vere interessant for politikarar og kommunane i Møre og Romsdal.
I tillegg til her på nettsida, ligg podkasten på Spotify, på iTunes, og på Google Podcasts.
Ta våtmarka tilbake!
Visste du at det går an å gi øydelagte våtområde livet igjen? FN og Miljødirektoratet ber oss om å restaurere våtmark - for vår eigen, naturen og klimaet sin skuld.
Publisert 09.05.2023
Ny podkast: Den fantastiske skogen
Tømmeret vi tar ut frå skogen gir inntekter og sysselsett. Samtidig skal vi ta vare på naturen og det yrande livet i skogen. Skogen gir oss oksygen og lagrar karbon. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har i oppdrag å forvalte skogen.
Publisert 07.03.2023
Ny podkast: Sei ifrå om du ikkje har det bra på skolen!
Skolen pliktar å sørge for at elevar har det trygt og godt på skolen. Om skolen ikkje gjer nok, kan eleven eller foresette klage saka inn til Statsforvaltaren. Då tar det få dagar før rektor og foreldre får ein telefon.
Publisert 22.12.2022
Ny podkast: Demens
Demenssjukdom rammar mange i Norge. I denne podkasten snakkar vi om demens – og ser at det faktisk er relativt enkle grep du og eg kan ta for å forebygge sjukdommen.
Publisert 21.11.2022
Ny podkast: Tredrivaren
Trebygg har mange fordelar. Tre er både fornybart, miljøvenleg og framtidsretta. Dessutan er det godt for menneske å vere i trebygg. Derfor jobber Statsforvaltaren for auka bruk av tre som bygningsmateriale.
Publisert 19.10.2022
Ny podkast: Klimatilpassing
Klimaet endrar seg. Og med klimaet blir også vêret endra. I Møre og Romsdal vil vi sjå meir kraftig nedbør og auka problem med overvatn. Vi vil sjå at havnivået stig, stormflo og større og fleire flaumar. Vi vil også få fleire skred av jord og stein.
Publisert 24.06.2022
Ny podkast: Hagerømlingar
Framande, skadelege planteartar tar over og "spis opp" anna vegetasjon i Noreg. Dei vert einaste planta som står igjen i området. Slik øydelegg dei naturmangfaldet. Mange av desse plantane er rømlingar frå hagane våre. Derfor blir dei ofte kalla "hagerømlingar". Berre i fellesskap kan vi fjerne dei frå naturen.
Publisert 10.06.2022
Ny podkast: Jordvern
Skal vi bygge ny veg eller ny bustad? Eller bør vi ta vare på matjorda som ligg der vi vil bygge? Jordvernet i Noreg tar vare på dyrka mark. Men kvifor er jordvern så viktig? Og kven er det som bestemmer kva vi bruker jorda vår til?
Publisert 04.05.2022
Ny podkast: Framtidsfullmakt
Har du høyrt om framtidsfullmakt? Ho er enkel å lage og lur å ha. I Norge blir alle vi som er over 18 år anbefalt å skrive ei framtidsfullmakt.
Publisert 07.04.2022
Ny podkast: Leve heile livet
Korleis skapar vi eit aldersvennleg Møre og Romsdal? I denne episoden av "For folk og natur" snakkar vi om reforma "Leve heile livet" som skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger. Dei skal vere trygge på at dei får god hjelp når dei har behov for det. Vi får høyre om 300-metersbyen i Ulstein og om samtalar med 75-åringar i Molde.
Kontaktpersonar
Lytt til podkasten
Aktuelle tema i podkasten
Ute no:
- Den fantastiske skogen
- Sei ifrå om du ikkje har det bra på skolen!
- Demens - ei stille krise i samfunnet
- Tredrivaren - meir tre i bygg
- Klimatilpassing - Nytt klima gir nye utfordringar
- Hagerømlingar - hjelp til med å fjerne desse plantene
- Jordvern - for å kunne dyrke sin eigen mat
- Framtidsfullmakt
- Leve heile livet i Møre og Romsdal
- Vårt møte med krigen i Ukraina
- Ope hus! Møt oss og oppgåvene våre
- Klimasnu – ei nødvendig omstilling
- Ny statsforvaltar og kommunane