Roller og ansvar
Kommunestyret er lokal planmyndighet og fylkestinget er regional planmyndighet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har det administrative hovedansvaret for statens planleggingsoppgaver.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kommunen som planstyresmakt
Kommunane har hovudansvaret for kommunal planlegging og forvaltning etter plan- og bygningslova. Planansvaret inneber og at kommunane skal ivareta nasjonale og viktige regionale interesser i planlegginga.
For kommunale planer og større reguleringsplanar skal det utarbeidast planprogram, planomtale og konsekvensutgreiing. Planprogrammet omtalar korleis planarbeidet skal organiserast. Konsekvensutgreiing gjer nærare greie for verknader av planen for miljø og samfunn, og det er laga ei eiga forskrift om dette. Planar for utbygging skal ha ein risiko- og sårbarheitsanalyse for planområdet.
Naturmangfaldlova (av 1. juli 2009) set sterkare krav til vurderingar av tema som biologisk mangfald ved sakshandsaming etter plan- og bygningslova. Lova inneheld blant anna sentrale prinsipp: kunnskapsgrunnlaget og miljørettslege prinsipp, som forvaltingslova skal leggast til grunn for all utøving av myndigheit. Kommunen skal sørgje for at vurderingar etter desse prinsippa i naturmangfaldlova kjem tydeleg fram i saksutgreiinga i alle saker (naturmangfaldlovas §§ 7-12).
Statsforvaltaren rolle i plansaker
Statsforvaltaren er statens representant i fylket og har fleire roller og oppgåver innan planlegging etter plan- og bygningslova. Ei viktig oppgåve for Statsforvaltaren i kommunale planprosessar er å sjå til at nasjonale og viktige regionale omsyn blir ivaretatt i planarbeidet. Fagområde som miljøvern, landbruk, helse, oppvekst og samfunnstryggleik står sentralt. I tillegg skal Statsforvaltaren sikre at kommunale vedtak i plan- og byggesaker er i samsvar med gjeldande lovverk.
Vidare har Statsforvaltaren ansvar for handsaming av klager på kommunale vedtak i plan- og byggesaker etter lova. Statsforvaltaren har og rolle som meklar i plansaker der det ligg føre motsegn.
Statsforvaltaren vil framheve følgjande når det gjeld kommunane sitt ansvar for reguleringsplanar og konsekvensutgreiingar:
Reguleringsplanar
Kommunen skal spele ein aktiv rolle i plansaksbehandlinga, og bidra til at planen sikrar gode løysingar, og ikkje får (utilsikta) uheldige verknader utanfor planområdet. Det er kommunen som først og fremst skal sjå til at planen er heilskapleg utforma i harmoni med omgjevnadene.
Kommunen skal kvalitetssikre planane før utlegging til offentleg ettersyn. Dette inneber at kommunen skal sjå til at planen:
- er juridisk haldbar, dvs. at:
- planen er i tråd med plan- og bygningslova, naturmangfaldlova og anna relevant lovverk
- det er samsvar mellom plankart og føresegner
- er godt opplyst (utfyllande planomtale) og at vurderingar etter naturmangfaldlovas
§§ 7- 12 kjem tydeleg fram i alle saker
- er tilstrekkeleg detaljert for å ivareta alle relevante omsyn og interesser
- har god teknisk standard
Kommunen skal sjå til at planframlegget ikkje bryt med nasjonale føringar for arealpolitikken.
Konsekvensutgreiingar (KU)
Etter KU-forskrifta er kommunen ansvarleg styresmakt for kommune(del)plan og reguleringsplan (som ikkje krev løyve etter sektorlov). I denne rolla skal kommunen fastsetje utgreiingsprogrammet. Det er avgjerande at kommunen også her spelar ei aktiv rolle for å sikre at planprogrammet vert formulert på ein slik måte at alle relevante utgreiingstema vert utgreidd på ein god måte. For tema naturmangfald må behov for ytterlegare kartleggingar vurderast og eventuelt feltarbeid tilpassast sesong/tid på året for det aktuelle art og naturtypen.
Regional og statleg planstyresmakt
Regionale styresmakter skal rettleie kommunane og kan fremje motsegn mot planar som ikkje i tilstrekkeleg grad tek overordna nasjonale og regionale omsyn. Regional planstyresmakt (fylkeskommunen) har hovudansvaret for regional planlegging etter lova. Staten har overordna ansvar for planlegging.
På Regjeringa sine heimesider finn du ei kort samla oversikt over planlegging etter plan- og bygningslova.
For meir utfyllande informasjon; sjå www.planlegging.no samt lenke til Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova) og Lovkommentar til plandelen av plan- og bygningslova