Nyheitsbrev om plan for Fylkesmannen og fylkeskommunen - juni 2020
Fylkesmannen og Fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak, til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som var omtala i nyheitsbrevet for juni.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Status for utvikling av kommunane i Møre og Romsdal
Kommunestatistikk for 2020 er no publisert. Denne er presentert i form av ein PowerPoint for kvar kommune, der vi har samla tema som viser utviklinga er på sentrale samfunnsområde. Dette omfattar mellom anna tema som folketalsutvikling, utdanningsnivå, næringsstruktur og sysselsetting, utdanning, folkehelse og bustadbygging. Målet med kommunestatistikken er å formidle oppdatert og relevant statistikk som kommunane kan nytte i sitt plan- og budsjettarbeid.
Kommunestatistikk for 2020 finn du på fylkeskommunen sine heimesider.
Fylkesplanen 2020-2024 er ute til høyring
Høyringsutkast til ny Fylkesplan for Møre og Romsdal 2021 – 2024 vart vedteke sendt på høyring 2. juni 2020. Planen bygger på dei fire langsiktige måla i Regional planstrategi (RPS). RPS vart vedteken av Fylkestinget 15. juni. Fylkesplanen er ein regional plan etter PBL, og skal såleis leggast til grunn for regionale statsetatar og kommunar si verksemd.
Høyringsfristen er sett til 10. september 2020. Høyringsutkastet kan du lese her.
Klimabudsjett og klimarekneskap
Fylkesmannen og fylkeskommunen har i samarbeid med Romsdal regionråd (ROR) gjennomført webinar om klimabudsjett, klimarekneskap og nøkkelindikatorar (KPI) for klima. Alle presentasjonane er tilgjengelege her. Vi planlegg å køyre eit liknande webinar for kommunane i dei to andre regionråda i fylket til hausen. På Sunnmøre er datoen sett til 30. september. Dato for Nordmøre er ikkje fastsett.
Ny rapport om klimagasskrav til materialbruk i bygg
Sintef, NTNU m. fl. presenterer ein interessant rapport om materialbruk i bygg og klimagassutslepp. Rapporten gir eit grunnlag for å setje absolutte krav til klimagassutslepp frå materialbruk i norske bygningar. Rapporten finn du her.
Kommunedialog – nye kommunar
Fylkesmannen inviterer til dialog med dei nye kommunane i fylket vårt i august. På programmet står mellom anna kommunen si vurdering av eigen situasjon som ny kommune, plan som styringsverktøy og langsiktig økonomisk planlegging.
Møtedatoar:
- 08.20: Volda, Hustadvika
- 08.20: Molde
- 08.20: Ålesund
- 08.20: Fjord
Endringar i reglane om nydyrking
Landbruks- og matdepartementet har fastsett endringar i forskrift om nydyrking (nydyrkingsforskrifta). Det er innført eit forbod mot nydyrking av myr, men kommunen kan likevel tillate dyrking av myr når visse vilkår er oppfylte. Endringane i nydyrkingsforskrifta gjeld frå 2. juni 2020.
KMD med to nye rettleiarar
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har publisert to nye rettleiarar i vår:
- Rettleiar om planlegging for spreidd bustad-, fritids- og næringsbebyggelse i landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområde: Rettleiaren viser korleis kommunane kan legge til rette for spreidd bustad-, fritids- eller næringsbebyggelse og annan spreid bebyggelse innanfor område avsett til landbruks-, natur- og friluftsføremål samt reindrift (LNFR) i kommunale arealplanar. Rettleiaren utdjupar departementet si generelle rettleiing til planlegging etter plan- og bygningslova, sjå rettleiar T-1491, «Kommuneplanens arealdel», og rettleiar H-2401, «Garden som ressurs».
- Rettleiar om planlegging i sjøområde: Rettleiaren gir råd om forvaltninga av kystnære sjøområde ved bruk av plan- og bygningslova (pbl.). Med kystnære sjøområde, også omtalt som sjø/sjøområde, meiner ein områda frå der salt sjø møter land, definert som alminneleg høgvassstand, og ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinja. Dette samsvarer med verkeområdet til plan-og bygningslova i sjø. Rettleiaren tek også opp enkelte tilhøve knytt til landareala med strandsonen.
KMD med ny revidert utgåve av Lovkommentar til plandelen av plan- og bygningslova
Lovkommentaren inneheld ein gjennomgang av føresegnene i plandelen av plan- og bygningslova, og er i all hovudsak basert på tekstar hentet fra lovforarbeida (særleg lovproposisjonane). Les meir her.
Innhaldet på Miljøkommune.no blir flytta til Miljødirektoratet.no
Nettstaden Miljøkommune er lagt ned. Alle tidlegare Miljøkommune-lenker tek deg no til oppdatert innhald på https://www.miljodirektoratet.no/myndigheter/. Miljødirektoratet har framleis ansvar for å gje kommunane ei heilskapleg, nettbasert rettleiingsteneste på miljøområdet. Det følger dei no opp via Miljødirektoratet.no.
Høyring – framlegg til reviderte statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen
KMD har gjennomført ei evaluering av retningslinjene som inneber meir differensiert forvaltning i spreiddbygde strok slik at det blir større lokal handlefridom samstundes som ein ivaretek rekreasjonsmoglegheiter og vern av kulturlandskap. Frist for å svare på høyringa er 1.10.20. Les meir her.
Plankonferanse hausten 2020
Fylkesmannen og fylkeskommunen vil arrangere plankonferanse i november 2020. Framleis er det usikkert om det blir ein nettbasert eller fysisk konferanse. Meir informasjon kjem seinare.
Fylkesmannen med oppmoding til kommunane om utsett svarfrist i kommunale plansaker
Fylkesmannen har sendt brev til kommunane i Møre og Romsdal med oppmoding om å utvide høyringsfristen med to–tre veker i samband plansaker utsendt i juni og juli.
Ferieavvikling på plan- og analyseavdelinga i fylkeskommunen
Ferieavviklinga for våre hovudsaksbehandlarar skjer hovudsakleg i løpet av vekene 29 – 32. I denne perioden vil det vere svært avgrensa kapasitet. Vi vil etter beste evne gjere saker ferdige før ferieavviklinga, men i saker som kjem inn med frist i desse vekene, må kommunen pårekne varsel/førespurnad om oversitting. I saker som vert sendt frå kommunen i løpet av ferievekene, ber vi allereie no kommunane om at fristen vert sett i rimeleg tid etter, jamfør også oppmoding frå Fylkesmannen. Plansamordnar Johnny Loen kan kontaktast per mobiltelefon 41631775 ved særskilte høve.
Status for arbeidet med kommunale planstrategiar
Pr. 01.06.2020 har Fylkesmannen og fylkeskommunen mottatt utkast til planstrategi for perioden 2020 – 2023 frå 12 av 26 kommunar i Møre og Romsdal. Mange kommunar har kopla planstrategiarbeidet direkte til oppstartsmelding/planprogram for kommuneplanens samfunnsdel, og med signal om vedtak av ny KP samfunnsdel i løpet av 2020. Vi ser positivt på at kommunane tidleg i planperioden har starta arbeidet med utarbeiding av ny kommuneplan. Dersom KP samfunnsdel skal vere eit viktig lokalpolitisk styringsverktøy, slik plan- og bygningslova og kommunelova legg til grunn, vil dette stille krav om at planen må knytast direkte opp til valperiodane og vedtakast tidleg i perioden.
Nytt KS-prosjekt: Samfunnsdelen av kommuneplan som politisk verkemiddel
Asplan Viak er engasjert av KS til å gjennomføre eit FoU-prosjekt med 6 deltakande kommunar for å styrke samfunnsdelen som lokalpolitisk styringsverktøy. Prosjektet er kopla til folkevaldprogrammet og går fram til sommaren 2022. Les meir om prosjektet her.
«VærSmartkurset» utsett til 2021
VærSmart-kurset om klimatilpassing som Fylkesmannen skulle ha i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune og Miljødirektoratet er dessverre avlyst, men vi vil arrangere kurset våren 2021. Dato er enno ikkje fastsett. Grunnen til at vi ikkje køyrer dette klimatilpassingskurset digitalt er at det passer best som ei fysisk samling.
Vi vil likevel arrangere eit kort webinar om klimaomstilling i Møre og Romsdal 17. november 2020.
Klimakur 2030 - Oppsummering frå Miljødirektoratet
Rapporten Klimakur 2030 har vore ute på høyring. Dette er eit utgreiingsarbeid utarbeidd av ei rekke faginstansar på oppdrag frå regjeringa. Klimakur 2030 rettar søkelyset mot moglege tiltak for å redusere ikkje-kvotepliktige utslepp med minst 50 prosent innan 2030, og beskrive tiltak for å redusere utslepp og auke opptak i skog og arealbrukssektoren. Miljødirektoratet har utarbeidd ein eigen oppsummeringsrapport basert på 1730 høyringssvar.
Fylkesutvalet har sendt uttale til Klimakur, sjå vedtaket her.
Tettstadprogrammet styrkar laget!
Grete Kongshaug starta 1. juni i Tettstadprogrammet i fylkeskommunen. Ho har lang fartstid frå Statens vegvesen og har mellom anna vore fylkeskontakt for Møre og Romsdal og har jobba med Nasjonale turistvegar i ei årrekke. På denne måten kan fylkeskommunen bidra ytterlegare til å støtte kommunane med tettstadutvikling gjennom Tettstadprogrammet.
Ulstein kommune er i gang med eit parallelloppdrag i Ulsteinvik
Kommunen tenkjer heilskapleg og tverrsektorielt i utviklinga av Ulsteinvik, og har jobba systematisk og målretta med stadutvikling over mange år. Denne gongen ser dei på vidare utvikling av området Ulshaugen og Holsekerdalen, kopla mot sentrum. Eit parallelloppdrag er eit betalt utredningsoppdrag der to eller fleire konsulentar utarbeider løysingsforslag gjennom fleire runder med medverknad. Les meir om parallelloppdraget her.
Utvikling av Tingvollvågen
Heilt sidan Tingvoll kommunestyre i 2017 vedtok å starte eit nytt tettstadprosjekt, har kommunen jobba godt og målretta. Gjennomføringa av eit parallelloppdrag i 2018-2019 resulterte i ei 10-punkts liste for neste fase. Stadutvikling tek tid, og ein del av strategien har handla om å realisere fleire mindre tiltak undervegs. Eit anna viktig mål er å binde Tingvollvågen betre saman for mjuke trafikantar, og gjere det attraktivt å opphalde seg i og bruke sentrum. Fylkeskommunen vedtok å støtte prosjektet med regionale utviklingsmidlar i mai, sjå lenke.
«Veilederpilot» – i arbeidet med stadutvikling
Distriktssenteret og fylkeskommunen samarbeider med fire kommunar i Møre og Romsdal om styrking av lokal samfunnsutvikling i distriktskommunar. I tillegg deltek seks kommuner i Troms og Finnmark og fire kommunar i Innlandet. Arbeidet går fram til 2021, og målet er å utvikle verktøy for lokal samfunnsutvikling gjennom skreddarsaum og i samarbeid. Det er eit viktig prinsipp at arbeidet skal støtte og forsterke det som likevel skal skje i kommunane. Ein av kommunane som deltek i Møre og Romsdal er Aure kommune, som har valt tettstadutvikling som sitt case i veilederpiloten.
Handbok i aldersvennleg stadutvikling
Handboka om aldersvennleg stadutvikling ble presentert under Folkehelse- og nærmiljøkonferansen 27. – 28. november 2019. Her er lenke til handboka.
Fordeling av ekstra skjønnsmidlar - førebygging av flaumskadar
I følgje NVE er det stor og aukande fare for stor vårflaum som kan medføre alvorlege skadar både nord og sør i landet. Kommunane er ansvarlege for å førebygge alvorleg skade på kritisk kommunal infrastruktur i samband med flaum. Det er derfor viktig at alle berørte kommunar gjer nødvendige førebuingar for å førebygge flaumskadar. Regjeringa har sett av 100 millionar totalt i ekstra skjønnsmidlar til flaumførebyggande tiltak. Møre og Romsdal har fått 10 millionar til fordeling. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har på bakgrunn av innspel frå kommunane fordelt midlane. Les meir her.
Fylkesmannen framleis stengd for publikumsbesøk
Grunna tiltaka mot koronaviruset har Fylkesmannen i Møre og Romsdal hatt stengt for besøk av publikum. Frå 15.6.20 vil det vere mogleg å møte saksbehandlarane etter avtale. Endringar vert fortløpande lagt ut på heimesida.
Tilskott til å kartlegge fare for overfløyming langs bekker og bratte vassdrag
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjev tilskott til kommunar for å kartlegge kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag. Maksimalt søknadsbeløp pr. kommune er 200 000 kr. Intense nedbørsituasjonar fører ofte til vatn på avvegar, noko som ofte resulterar i store skadar. Søknader vert handsama fortløpande. Meir informasjon på NVE sine nettsider.