Rettleiar om gebyr i byggesaker

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har utarbeidd ein rettleiar om utrekning av sjølvkost og gebyrforskrift i byggesaker. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.09.2021

Formålet med rettleiaren er å hjelpe kommunane med å utforme riktige gebyr på byggesaksområdet. Rettleiaren gjer greie for dei rettslege rammene og kommunens handlingsrom ved utarbeiding av sjølvkostrekneskap og gebyrforskrift.

Rettleiaren finn du på departementet si heimeside.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar