Plan- og byggesaksreglar
Nedanfor finn du ein oversikt over eit uvalg kjelder som kan vere nyttige ved handsaming av ei plan- og byggesak. Merk at Statsforvaltaren har publisert generell informasjon om arealforvaltning her.
Lov
På lovdata finn du gjeldande og historisk regelverk, samt rettspraksis frå domstolane med meir. Sentrale lovar og forskrifter er:
- Plan- og bygningslova
 - Byggteknisk forskrift (TEK17 - tekniske krav)
 - Byggesaksforskrifta (SAK10 - sakshandsamingsreglar)
 - Naturmangfaldlova
 - Forskrift om konsekvensutgreiing
 - Matrikkellova
 
Kommunale arealplanar
Kvar einskild kommune vedtek planar som er rettsleg bindande for arealbruken i området. Alle kommunar har ein kommuneplan med arealdel som tar for seg heile kommunen i grovare trekk.
I mange tilfelle vil det gjelde ein reguleringsplan for eit avgrensa område. Ein reguleringsplan regulerer området på ein meir detaljert måte enn det kommuneplanen gjer. For å sjå gjeldande kommuneplan og reguleringsplanar kan du gå inn på den aktuelle kommunens heimeside.
Departement, direktorat og Sivilombodsmannen
- Kommunal- og moderniseringsdepartementet har eigne nettsider om plan, bygg og eigedom. Her finn du nyheiter, rettleiingar, prinsipputtalar og tolkingsuttalar innan plan- og bygningsretten.
 - Kommunal- og moderniseringsdepartementet har tilsvarande nettsider som gjeld plandelen i plan- og bygningslova.
 - Direktoratet for byggkvalitet har eigne nettsider med kommentarar til byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta (byggereglene). Her finn ein også ulike temarettleiarar.
 - Sivilombudsmannen er oppnemnt av Stortinget for å ivareta den einsklides rettigheiter i møte med forvaltninga. Her finn du mange uttalar med relevans for plan- og byggesakshandsaming.
 
Temakart
- Miljøkommune eit verktøy for sakshandsaming innan miljøforvaltning, som til avfall, forureining og klima.
 - Norges vassdrags- og energidirektorat har utarbeidd fleire karttenester for kartlegging av potensiell flaum- og skredfare.
 - Statsforvaltaren og fylkeskommunane i Møre og Romsdal og Trøndelag har publisert karttenesta GisLink, som gjev oversikt over til dømes landbruks-, kystsone,-og kulturinteresser.
 - Norsk institutt for bioøkonomi leverer karttenesta gardskart på nett, som viser landbruksressursar på ein eigedom.
 - Statens vegvesen kartlegg støy langs riks- og fylkesvegar.
 
Rettleiarar
- Grad av utnytting (Kommunal- og moderniseringsdepartementet) tar for seg måle- og utrekningsprinsipp i byggesaker.
 - Garden som ressurs (Kommunal- og moderniseringsdepartementet / Landbruks- og matdepartementet) gjeld bygge- og anleggstiltak i og i tilknyting til landbruket.
 - Direktoratet for byggkvalitet skriv om Utbygging i fareområder.
 - T-1442 (Klima- og miljødepartementet) gjeld handsaming av støy i arealplanlegging.
 - H-8/15 (Kommunal -og moderniseringsdepartementet) gjeld plan- og bygningslova § 29-4.
 - Tekniske krav ved tiltak på eksisterande byggverk (Norsk kommunalteknisk forening).