Heilskapleg ROS-analyse
Sivilbeskyttelseslova fastset at kommunen pliktar å kartlegge kva uønskte hendingar som kan skje i kommunen, vurdere sannsynet for at desse hendingane skjer og korleis dei i så fall kan påverke kommunen. Resultatet av dette arbeidet skal vurderast og samanstillast i ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Samfunnstryggleik inneber å medverke til eit trygt og robust samfunn, mellom anna gjennom å skaffe oversikt over relevant risiko. Risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) er ein systematisk framgangsmåte for å identifisere uønskte hendingar, kor ofte desse vil kunne skje og kva konksekvensar dei vil ha for liv, helse, materielle verdiar og samfunnsfunksjonar.
Heilskapleg ROS-analyse
Kommunen skal utarbeide ein heilskapleg ROS-analyse som gir oversikt over risikobildet i kommunen. Nærare retningslinjer for den heilskaplege ROS-analysen er fastsette i forskrift om kommunal beredskapsplikt.
Funn frå den heilskaplege ROS-analysen skal danne grunnlag for langsiktige mål, strategiar, prioriteringar og kommunen sin plan for oppfølging av samfunnstryggleik- og beredskapsarbeidet, jf. forskrifta sin § 3, og den heilskaplege ROS-analysen er derfor eit vesentleg grunnlag for både den kommunale planstrategien og kommuneplanen sin samfunnsdel.
Den heilskaplege ROS-analysen skal også vere det viktigaste grunnlaget for kommunen sin overordna beredskapsplan.
DSB har utarbeidd ein rettleiar om heilskapleg ROS-analyse.
ROS-analysar i arealplanlegginga er nærare omtalt her.
Kontaktpersonar
-
Renate Frøyen
Tlf: 71 25 84 15 / 47 60 59 47