FylkesROS

Statsforvaltaren har ansvar for å samordne, halde oversikt over og informere om arbeidet med samfunnstryggleik- og beredskap i fylket. Ein del av dette samordningsansvaret er å ha oversikt over risiko og sårbarheiter i fylket gjennom arbeidet med FylkesROS.

Risiko- og sårbarheitsanalyse for Møre og Romsdal (FylkesROS) inneheld scenarioanalysar av uønskte hendingar. Dette er hendingar med potensielt store konsekvensar på fylkesnivå. Hendingane kan råke fleire sektorar og/eller ansvarsområde, og utfordrar den normale beredskapen hos beredskapsaktørar på kommunalt og regionalt nivå. I tillegg skildrar og vurdera FylkesROS sårbarheiter i fylket, spesielt med omsyn til kritiske og viktige samfunnsfunksjonar og infrastruktur. Målgruppene for analysen er kommunale og regionale styresmakter, næringsliv og andre regionale aktørar med oppgåver og interesser innanfor samfunnstryggleik, krisehandtering og beredskap.

Grunnlag for samla innsats

FylkesROS, med tilhøyrande oppfølgingsplan, gjev grunnlag for samla innsats innanfor samfunnstryggleik og beredskap i fylket. FylkesROS Møre og Romsdal er eit viktig innspel til andre organisasjonar/verksemder som skal utarbeide eigne ROS-analysar og beredskapsplanverk.

Oppfølgingsplan

Med utgangspunkt i revidert FylkesROS skal Statsforvaltaren utarbeide ein oppfølgingsplan med ansvarsavklaringar. Oppfølgingsplanen vil innehalde forslag til tiltak som vil styrke samfunnstryggleiken i fylket. Målet er at planen skal fungere som eit prioriteringsgrunnlag for å utvikle eit meir motstand- og tilpassingsdyktig samfunn.

Nye scenarioanalysar, basert på same metode og framgangsmåte, blir lagt til i tida framover.

Nasjonalt risikobilete – Analyse av krisescenario

Direktorat for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversyn over risiko og sårbarheit i samfunnet. DSB har sidan 2011 gjort risikoanalysar av alvorlege hendingar som kan råke det Noreg. Sjå analyser av krisescenario her.