Ver budd på ekstremvêret Gyda!
– Tenk deg om før du går ut i dagane framover. Kan du unngå lange køyreturar, så gjer det, seier fylkesberedskapssjef Stine Sætre.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det vert ekstremt mykje nedbør onsdag 12. og torsdag 13. januar. Faregraden på ekstremvêret Gyda er auka til raudt nivå.
– Det vert store nedbørsmengder over lengre tid, samtidig som det er høge temperaturar for årstida. Vi får regn høgt til fjells. Når snøen smeltar heilt opp til 1500 meter over havet, bidreg dette saman med nedbøren til ekstrem flaum- og skredfare i heile fylket, seier Sætre.
Det er faren for flaum og snø- og jordskred som gjer at beredskapssjefen ber folk halde seg i ro.
– Det kan bli farlege forhold, særleg knytt til flaum og flaumskred langs bekker og elver, så ver varsam og hald avstand til vassdrag. Det kan òg bli utfordrande på vegane, så ikkje legg ut på langtur om du kan vente.
Vanlege kvardagsaktivitetar kan gå som normalt dei aller fleste plassar. Det er lange kjøyreturar på ras- og flaumutsette stader beredskapssjefen ber folk vere forsiktige med.
Sikre hus og heim
Innbyggarar i Møre og Romsdal vert oppfordra til å ta ei ekstra beredskapsrunde rundt huset.
– Sjekk at tak- og stikkrenner, kummar og andre vassvegar er fri for snø/is, grus, søppel, kvist og lauv så vatnet ikkje hopar seg unødig opp. Det er meldt sterke vindkast, så du bør også sikre lause gjenstandar på eigedomen.
Det er midtre og indre strøk av fylket som truleg får mest nedbør.
Heva beredskap i fylket
Statsforvaltaren har hatt møte med Fylkesberedskapsrådet og alle kommunane i fylket i dag.
– Både kommunar og andre organisasjonar med beredskapsansvar er budd, og tar grep for å heve beredskapen, seier fylkesberedskapssjef Stine Sætre.
Ho meiner at konsekvensane av vêret sannsynlegvis vert mest utfordrande utover torsdagen, når snøsmeltinga er godt i gang og flaumvegane byrjar å fylle seg opp.