Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket - del 2

Søknadsfrist:
15. oktober 2019 23:59
Målgruppe:
Føretak med husdyr- og planteproduksjon
Ansvarleg:
Kommunen
Kven kan søke:
Registrerte føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon

Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan sende inn Del 2 av søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot for 2018 frå og med teljedatoen, som er 1. oktober 2019. Søknadsfrist 15. oktober. Det er umogleg å levere etter fristen, uten at du har fått innvilga dispensasjon.

Publisert 05.04.2017

Kva du kan søkje om i del 2

  • Tilskot for husdyr
  • Driftstilskot mjølkeproduksjon
  • Tilskot til små og mellomstore mjølkebruk
  • Driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
  • Tilskot for bevaringsverdige husdyrraser
  • Tilskot for dyr på beite
  • Areal- og kulturlandskapstilskot
  • Tilskot til økologisk jordbruk
  • Tilskot for frukt, bær og veksthusgrønnsaker
  • Tilskot til avløysing ved ferie og fritid

 

Føretak som har sendt inn søknaden, kan endre den i inntil 14 dagar etter fristen.

Tilskot til ferie og fritid

Om du ikkje har hatt utgifter til avløysing før søknaden vert sendt, men kjem til å få det i slutten av året, er det avgjerande at du kryssar av for å søkje avløysartilskot no.  Utgifter til avløysing kan etterregistrerast i søknaden innan 10. januar, såframt det vart kryssa av for å søkje om avløysartilskot i ved innsending av søknad innan søknadsfristen.

Føretaket må kunne dokumentere utgifter til avløysing. .

Om produksjonstilskot

Føremålet med produksjonstilskot er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk innanfor dei målsettingar som Stortinget har trekt opp.

Produksjonstilskot i jordbruket er eit samlebegrep for ei rekke tilskot til både areal- og husdyrproduksjon, dessutan tilskot til avløysing ved ferie og fritid.

Utbetaling vil skje i februar 2020.

Søknadsfrist:
15. oktober 2019 23:59
Målgruppe:
Føretak med husdyr- og planteproduksjon
Ansvarleg:
Kommunen
Kven kan søke:
Registrerte føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon