Tilskot til tiltak for ville pollinerande insekt
- Søknadsfrist:
- 15. januar 2022 23:59
- Målgruppe:
- Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar.
- Ansvarleg:
- Hege Steigedal
- Kven kan søke:
- Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar
Humler, bier og blomsterfluer er blant dei insekta som pollinerer, eller bestøvar, ville blomster og nokre avlingar. Du kan søkje om tilskot til tiltak som forbetrar leveområda til desse insekta.
Tiltak som kan få tilskot er:
- Restaurering av leveområde
- Skjøtsel
- Etablering av leveområde, til dømes areal for yngling, matsøk og skjul
- Nedkjemping av framande artar
- Tilpassa driftsform i jordbruket
- Informasjonstiltak
Tiltak som medverkar til etablering eller skjøtsel av areal med førekomst av mange raudlista arter, og tiltak for pollinatorar i trua naturtypar, blir prioritert.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Fylkesmannen i fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.
Gjenbruk av tidlegare innsendt søknad
Du kan bruke om att data frå tidlegare innsendt søknad. Du må framleis klikke deg gjennom søknadsvegvisaren, men dei fleste felta vil være fylt ut på førehand. Dine tidlegare innsendte søknadar finn du under menyvalet «Mine søknader». Du kan bruke om att søknaden ved å klikke på "Gjenbruk søknad".
- Søknadsfrist:
- 15. januar 2022 23:59
- Målgruppe:
- Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar.
- Ansvarleg:
- Hege Steigedal
- Kven kan søke:
- Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar