Tilskot til trua naturtypar
- Søknadsfrist:
- 15. januar 2022 23:59
- Målgruppe:
- Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar.
- Ansvarleg:
- Marita Fjelle
- Kven kan søke:
- Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar.
Tilskotsordning for å ivareta trua naturtypar og utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova.
Trua naturtypar er naturtypar som står på norsk raudliste for naturtypar (2018) og som er i kategori kritisk trua (CR), sterkt trua (EN) eller sårbar (VU).
Naturmangfaldslova opnar for å gje einskilde naturtypar ei særskilt sikring ved at dei får status som utvalde naturtypar. Dei åtte naturtypane som i dag har status som utvalde er kystlynghei, hule eiker, kalklindeskog, kalksjøar, slåttemark (inkludert lauveng), slåttemyr, olivinskog og open grunnlendt kalkmark i boreonemoral sone.
Tiltak som kan få tilskot er:
- Skjøtsel og vedlikehald
- Tilpassa bruk på areal som inngår i drifta av landbruksføretak
- Gjerding
- Kartlegging og overvaking knytt til tiltak
I tillegg til tiltak i felt, kan det bli gitt tilskot til å utarbeide skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr til tiltak og til informasjon om naturtypane.
Det kan også gis tilskot til tiltak i haustingsskog.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Statsforvaltaren i fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret fyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal gjere greie for korleis tiltaka skal gjennomførast.
Gjenbruk av tidlegare innsendt søknad
Du kan bruke om att data frå tidlegare innsendt søknad. Du må framleis klikke deg gjennom søknadsvegvisaren, men dei fleste felta vil være fylt ut på førehand. Dine tidlegare innsendte søknadar finn du under menyvalet «Mine søknader». Du kan bruke om att søknaden ved å klikke på "Gjenbruk søknad".
- Søknadsfrist:
- 15. januar 2022 23:59
- Målgruppe:
- Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar.
- Ansvarleg:
- Marita Fjelle
- Kven kan søke:
- Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar.