Kommunalt kompetanse og tenesteutviklingstilskot

Søknadsfrist:
3. april 2023
Målgruppe:
Leiarar tilsette og personar som kan rekrutterast til å jobbe i omsorgstenesta. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet kan tilsette også i andre kommunale og fylkeskommunale etatar vere målgruppe (t.d. NAV, barnevernstenesta, barnehagar og skular). Den endelege målgruppa er brukarar av den kommunale omsorgstenesta og deira pårørande.
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Møre og romsdal
Kven kan søke:
Kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap og universitet og høgskular.
Rapporteringsfrist:
1. mars 2024

Frå 2023 er det endra innretning på tilskotet frå eit kompetanse- og innovasjonstilskot til eit kompetanse- og tenesteutviklingstilskot.

Publisert 03.02.2023

Kompetanse og tenesteutviklingstilskotet skal bidra til at kommunane sett i verk kompetansehevande tiltak og utviklingsarbeid ut frå
lokale føresetnader og behov. 

I nytt regelverk er helse- og omsorgstenesta erstatta med omsorgstenesta. Dette inneber ei tilsikta innsnevring.Det har samanheng med tilpassing av ordninga til Opptrappingsplan for heltid og god bemanning i omsorgstjenesten.

Ramma for kompetanse og tenesteutviklingstilskotet for 2023 er på om lag 20 mill. 

Prioriteringa er  

  • Grunn- og vidareutdanning
  • ABC opplæringa
  • Opplæring til brukarstyrt personleg assistanse (BPA)
  • Tenesteutviklingsprosjekt

Sjå nytt regelverk og informasjonsbrev i høgremargen.

Søknadsfrist er 3.april 2023.