Tilskot til fisketiltak

Søknadsfrist:
15. januar 2024
Målgruppe:
Frivillige organisasjonar, forskningsinstitusjonar, kommunar og interkommunale organ.
Ansvarleg:
Geir Moen
Kven kan søke:
Frivillige organisasjonar, forskningsinstitusjonar, kommunar og interkommunale organ.

Tilskotsordninga skal medverke til å legge til rette for bevaring og forvaltning av ville anadrome laksefisk, samt å legge til rette for fiske etter anadrome laksefisk. 

Publisert 04.01.2024

Tiltak som kan få tilskot

Tilskotsordninga skal nyttast til tiltak knytt til bestandar av laks, sjøaure og sjørøye og som kjem samfunnet og allmenninga til gode.

Tilskot kan bl.a. gis til:

  • Laksetrapper
  • Tiltak for å betre tilgangen og moglegheita til fiske for allmenninga
  • Tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til fiske
  • Anvendt FoU-verksemd og overvaking som grunnlag for blant anna lokal forvaltning av lakse- og sjøaurebestandar
  • Forvaltning av og informasjon om villaks, sjøaure og sjørøye.
  • Det blir ikkje gitt tilskot til drift av forvaltningslag mv.

Kven kan søkje:

Frivillige organisasjonar, forskningsinstitusjonar, kommunar og interkommunale organ.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Statsforvaltaren i fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret fyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal gjere greie for korleis tiltaka skal gjennomførast.