Kompetanse- og tenesteutviklingstilskot 2025
- Søknadsfrist:
 - 17. mars 2025 23:59
 - Målgruppe:
 - Leiarar, tilsette og personar som kan rekrutterast til å jobbe i omsorgstenesta. Endeleg målgruppe er brukarar av omsorgstenesta og deira pårørande.
 - Ansvarleg:
 - Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
 - Kven kan søke:
 - Kommunar, fylkeskommunen, interkommunale selskap, universitet og høgskolar
 - Rapporteringsfrist:
 - 1. mars 2026 23:59
 
Desse tilskotsmidlane skal bidra til at det blir iverksett kompetansehevande tiltak og utviklingsarbeid.
Målet for ordninga
Målet er å bidra til å redusere mangelen på personell med relevant fagutdanning i omsorgstenesa, og legge tilrette for ein berekraftig omsorgsteneste.
Tildelingskriteriar
Det blir gjort ein skjønnsmessig vurdering med utgangspunkt i forventa måloppnåing.
Statsbudsjettreferanse er kap. 0761 post 68.
Total ramme for tilskotet er 369 900 000. Tilskot til fordeling i Møre og Romsdal er ikkje kjent enno.
Søknad
Søknad skal bli sendt i Altinn med ein felles nasjonal søknadsfrist 17. mars 2025. Det er ikkje høve å få utsett søknadsfrist.
Søknadskjemaet i Altinn: ID-porten
Rettleiing for å fylle ut søknadsskjema 
Regelverket for tilskotsordninga. Dette er ikkje endra frå 2024 til 2025.
Rapportering
Det skal rapporterast til Statsforvaltaren innan 1. mars 2026 for midlar som blir tildelt i 2025.
For samla tilskot over kr. 200 000 og høgare er det krav om revisorkontroll.
- Søknadsfrist:
 - 17. mars 2025 23:59
 - Målgruppe:
 - Leiarar, tilsette og personar som kan rekrutterast til å jobbe i omsorgstenesta. Endeleg målgruppe er brukarar av omsorgstenesta og deira pårørande.
 - Ansvarleg:
 - Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
 - Kven kan søke:
 - Kommunar, fylkeskommunen, interkommunale selskap, universitet og høgskolar
 - Rapporteringsfrist:
 - 1. mars 2026 23:59