Produksjonstilksot i jordbruket - del 1
- Søknadsfrist:
- 15. mars 2018 23:59
- Målgruppe:
- Føretak som driv med vanleg jordbruksproduksjon
- Ansvarleg:
- Kommunen
- Kven kan søke:
- Føretak som driv med vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar
Del 1 av søknad om produksjonstilskot for 2018. Søknad kan sendast inn frå 1. mars. Registreringsdatoen er 1. mars og søknadsfrist 15. mars. Merk at søknadsfristen no er endeleg - ingen leveringetter fristen.
Føremålet med produksjonstilskot er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk innanfor dei målsettingar som Stortinget har trekt opp.
Produksjonstilskot i jordbruket er eit samlebegrep for ei rekke tilskot til både areal- og husdyrproduksjon, dessutan tilskot til avløysing ved ferie og fritid.
Det er kun dyretal som føretaket disponerer pr. 1. mars som skal registrerast ved Del 1 i mars. Det er derfor berre føretak som har husdyrproduksjon som skal søke no. Øvrige opplysningar (areal, dyr på beite, avløysarutgifter m.fl.) blir registrert i Del 2 i oktober.
Fristen for å søke er 15. mars. Opplysningane i den innsendte søknaden vil kunne endrast fram til og med 29. mars. Utbetaling vil skje i februar 2019.
Dersom du føl lenkja til Landbruksdirektoratet, finn du mykje nyttig informasjon om produksjonstilskot og avløysartilskot.
- Forskrift og rundskriv,
- Frå jordbruksoppgjeret,
- Satsar og utbetalingsdato
- Rettleiing til søknad om produklsjonstilskot og avløysartilskot
- Rettleing til berekning av produksjons- og avløysartilskot, som du kan bruke til eiga budsjettering
- Søknadsfrist:
- 15. mars 2018 23:59
- Målgruppe:
- Føretak som driv med vanleg jordbruksproduksjon
- Ansvarleg:
- Kommunen
- Kven kan søke:
- Føretak som driv med vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar