Stimuleringstilskot til veterinære tenester
- Søknadsfrist:
- 28. februar 2019
- Målgruppe:
- Kommunar og vaktdistrikt (ved administrasjonskommune)
- Ansvarleg:
- Marianne Aas Halse og Tone Helen Rørseth
- Kven kan søke:
- Kommunar som har utfordringar med å få stabil tilgang på veterinærteneste, og som legg planer for gode, lokale løysingar
- Rapporteringsfrist:
- 20. januar 2020
Føremålet er å bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område.
Tilskot til kommunale veterinærtenester skal bidra til naudsynt tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Tilskotet blir gitt til kommunane, som etter dyrehelsepersonellova har ansvar for å sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå veterinærar, og for å organisere ei klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid.
Landbruks- og matdepartementet fordeler stimuleringstilskotet til fylke med kommunar som har dårleg næringsgrunnlag for veterinære tenester.
Fylkesmennene i desse fylka prioriterer fordelinga mellom kommunane som søkjer i tråd med retningsliner frå Landbruksdirektoratet.
Dei viktigaste kriteria for prioritering skal vere:
- Kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar
- Lavt dyretal og krevjande infrastruktur
- At stimuleringstilskotet er hensiktsmessig for å bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på teneste frå dyrehelsepersonell
- At det er vanskeleg å rekruttera og behalde veterinær
Dei mest aktuelle stimuleringstiltaka er etableringsstøtte, driftsstøtte, samt å opprette kommunale veterinærstillingar der den tilsette også kan bidra til å løyse ulike oppgåve i kommunen der kompetansen til veterinæren kommer til nytte
- Søknadsfrist:
- 28. februar 2019
- Målgruppe:
- Kommunar og vaktdistrikt (ved administrasjonskommune)
- Ansvarleg:
- Marianne Aas Halse og Tone Helen Rørseth
- Kven kan søke:
- Kommunar som har utfordringar med å få stabil tilgang på veterinærteneste, og som legg planer for gode, lokale løysingar
- Rapporteringsfrist:
- 20. januar 2020