Legalfullmakt
Nære pårørende vil kunne representere deg i ein situasjon som vist til ovanfor, utan at verjemålsmynde (Statsforvaltaren) formelt må oppnevne vedkomande som verje.
Dette vert kalla «legalfullmakt» - og dine næraste får då ein formell kompetanse til å utføre daglegdagse økonomiske disposisjonar som gjeld bustad og underhald, betale skattar, avgifter og plikter som fyl av gyldige låneavtalar du har inngått, og å sei opp betalingsoppdrag som ikkje lenger er aktuelle mm. Nære pårørende er i denne sammanhengen ektefelle eller sambuar, barn, barnebarn og foreldre. Eit barn kan godt representere mor eller far sin sjølv om ektefellen til denne er i live, men da må ektefellen ha sagt frå seg sin rett skriftleg.
Dersom du og dei pårørende ønskjer det, og er einige om det, kan fleire pårørande representere deg samstundes. I kraft av legalfullmakta kan pårørande ikkje gjere større økonomiske disposisjonar som til dømes kjøp og sal av fast eigedom eller investeringar. I den grad det er behov for slike disposisjonar, må den som skal gjere dette formelt oppnevnast som verje, eller det må foreligge ei gyldig framtidsfullmakt.