Erfaringar med rekneskapskontrollen for 2020

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har som vanleg gjennomført årleg kontroll av verja sine rekneskap for førre år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.12.2021

Våre erfaringar etter kontrollen er at det er enkelte feil og manglar som gjentek seg:

Fullstendigheitserklæring:
Fullstendigheitserklæringa manglar ofte kontoar og opplysningar om kven som har disponert kontane under punkt 3. Det er viktig at ein fører opp alle verjehavar sine kontoar i alle bankar, også dei som verje ikkje har disponert. Det er viktig at det vert sett inn kven som er disponent til kontoane, og at alt dette stemmer med banken sine noteringar.

Vi ynskjer også at verge sett inn kontaktinformasjon sin i fullstendigheitserklæringa under punkt 2. Dette manglar ofte. Dette gjer det vert meir utfordrande å komme i kontakt med verje dersom det er behov for utfyllande dokumentasjon og opplysningar i samband med rekneskapskontrollen. Skriv på telefonnummer og e-post til deg som verje!

Dei som gjennomgår rekneskapen ynskjer også at ein er sett inn relevant informasjon som har betydning for rekneskapen i fullstendigheitserklæringa under punkt 5.11. Dette kan typisk være praktisk fungeringsnivå, informasjon om bruk av pengar, om verjehavar disponerer eige bankkort på kontoane, om det har vore endringar i livssituasjonen siste året som har betydning for økonomien, eller om det er spesielle grunnar for eit høgt forbruk på enkelte områder. Dette gjer oss i større grad i stand til å forstå dei økonomiske disposisjonane som er gjort gjennom året.

 

Skattemelding:
Vi opplever at det i mange saker vert sendt inn skjemaet «skatteberekning» eller «skattekort» i staden for «Skattemelding».  Vi ber om at de sender oss verjehavar si «skattemelding», både den originale, og den de eventuelt har gjort endringar på.

I mange saker ser vi også at skattemeldinga til verjehavar manglar frådrag for betalt godtgjering. Verjehavar har krav på skattefrådrag for betalt godtgjering til verje, og får tilbake 22 % på skatten dersom vedkommande har betalt for verjegodtgjering sjølv.

 

Det er framleis ikkje for seint å endre dette for skattemeldinga for 2020, så ta kontakt med skatteetaten for rettleiing dersom dette gjeld deg.


Årsoppgåver:
Mange saker manglar ei eller fleire årsoppgåver. Dette gjeld spesielt årsoppgåver frå Coop og bankar under gjeld/kredittar. Vi rådar verja til å ta ein ekstra kontroll på at du har sendt inn alle årsoppgåvene.


Kontoutskrifter
Det skal sendast inn kontoutskrifter for heile året for alle kontoar.

For dei kontoane som berre verjehavar har disponert, er det nok å sende oss ei stadfesting frå banken om kven som disponerer kontoen i rekneskapsåret. Det heldt ikkje å berre skrive at du ikkje har disponert, dette må dokumenterast frå bank.

Mange rekneskap manglar kontoutskrifter, eller det er berre sendt inn utskrifta for desember månad. Det er krav om å sende inn kontoutskrifter for heile året.

Vi ser også at det i nokre kontoutskrifter manglar forklaring der det ikkje er sjølvforklarande kva som er dekka frå kontoen. Statsforvaltaren er ikkje i stand til å tyde alle typar overføringar eller betalingar dersom det ikkje er godt forklart på kontoutskrifta. Så vær raus med kommentarane! Dette kan også skrivast på eige ark og leggjast ved.

 

Ulike forhold ved godtgjering/honorar (for dei som har krav på dette):

Pass på at det alltid er fatta eit eige vedtak om godtgjering frå statsforvaltaren før du trekker godtgjering til deg sjølv som verje.

Godtgjeringa til deg som verje skal alltid belastast etterskotsvis. Når du belastar verjehavar for fast godtgjering, er det ikkje aktuelt med timegodtgjering for denne perioden. Krav om timesgodtgjering avtales på førehand med statsforvaltaren.


Dokumentasjon:

Hugs også at verjehavar sin økonomi skal være fullstendig åtskilt frå verja sin økonomi. Dei utgiftene som verjehavar har i løpet av året skal enkelt kunne dokumenterast overfor statsforvaltaren dersom vi spør om dette. Hald derfor god orden i rekneskapen, og sørg for at du har kvitteringar/bilag for alle bevegelsane på kontoane.

Du må take vare på alle dokument om verjerekneskap i 3 år etter avslutta rekneskapsår.

Vi er ikkje heilt ferdig med kontroll av alle rekneskap for 2020, og vil framleis kunne ta kontakt om noko er uklart.

 

Vi takkar for arbeidet med rekneskapen for 2020, og vonar at trenden med at stadig fleire sender oss rekneskapen digitalt fortsett i åra framover. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.