For verjer

Å bidra til at ein person kan bestemme over eige liv er ei viktig oppgåve. Ei verje skal støtte og bidra til å ivareta ein anna person sine interesser.

Eit alminneleg verjemål:

  • er ei frivillig velferdsordning
  • fremmer personen sin moglegheit til å bestemme sjølv
  • gjer at personen får støtte til å ta val og nokon til å ivareta interessene sine
  • skal vere i tråd med personen sine eigne ønsker og behov

Verjemål er ei viktig velferdsordning. Ordninga bidrar til at personar får brukt sin rettslege handleevne. Verja kan gi støtte når viktige val skal tas.  

Verja si oppgåve vil variere både når det gjeld innhald og omfang. Oppdraget kan også variere over tid. Dette er fordi eit verjemål skal vere tilpassa verjehavar sine ønske og behov.

Kva slags kompetanse må ei verje ha?

«Den som oppnevnes som verge, må være egnet for vervet og må samtykke i oppnevningen.» Jf. Verjemålslova § 28.

Utover dette stiller ikkje lova andre krav enn at den som skal vere verje ikkje sjølv kan ha verje.

Nokre verjemål kan krevje ekstra god kunnskap om for eksempel økonomi eller om kommunikasjon. Det er normalt likevel ikkje slik at verja sjølv må ha all kompetanse sjølv. Men verja må vite kor ho eller han kan vende seg for å få hjelp.

Sidan verjeoppdrag er forskjellige, krev oppdraga ulik kompetanse. Det er også naturleg å stille andre krav til alminnelege verjer, som nærståande, enn til faste, profesjonelle verjer. Det er likevel ein del grunnleggande kompetanse alle verjer normalt må ha.

Dette er:

  • respekt for verjehavar si vilje og preferansar
  • å vite kva rolla inneberer
  • å kunne kommunisere godt
  • å kunne innhente informasjon og kommunisere digitalt
  • å kjenne til verjemålslova og ha kunnskap om innhaldet i relevante reglar
  • å ha normal kunnskap om privatøkonomi
  • å ha normal samfunnsforståing


I tillegg må verja vere strukturert, ha tilstrekkeleg tid til oppdraget og akseptere å stå under tilsyn av Statsforvaltaren.

Verja skal hjelpe ein person som har nedsett funksjonsevne til å fungere på lik linje med andre i samfunnet. Alminneleg kompetanse er normalt derfor tilstrekkeleg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Verjerekneskap 2022

Var du verje med eit økonomisk mandat i 2022? Då må du hugse å sende oss fullstendig verjerekneskap for 2022 innan 30. april.