Frå advokatverje til fast verje?

I dag er mange advokatar verjer i Møre og Romsdal. Statens sivilrettsforvaltning ynskjer at fleire av verjemåla går over til faste verjer.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.04.2021

I Møre og Romsdal har vi enno svært mange verjemål med oppnemnt advokatverje. Det er ulike årsaker til dette. Nokre advokatar er oppnemnt av dei kommunale overformynderia og nokre av Statsforvaltaren. Nokre oppdrag har vore knytt til eit reelt behov for advokatverje, eit særleg krevjande oppdrag og/eller mangel på faste verjer i det aktuelle området.

Faste verjer i fylket

Verjemålslova sin § 26 pålegg forvaltninga å engasjere faste verjer i fylket. Vidare vert Statsforvaltaren rettleia av Statens sivilrettsforvaltning, som er overordna mynde i verjemålsforvaltninga, til å nytte faste verjer i størst mogleg grad. Reglane om godtgjersle og utgiftsdekning er i stor grad tilpassa faste verjer med fast årleg sats, og ikkje til advokatar som krev godtgjering etter offentleg salærsats. Det er men andre ord eit ynskje om å nytte minst mogleg advokatar som verjer.

Det vil framleis være etterspurnad etter advokatverjer, men i noko mindre omfang. Statsforvaltaren arbeider heile tida med å rekruttere og å lære opp nye faste verjer, og har no ei betre dekning av faste verjer i heile fylket.

Dialog om endringar

Mange advokatar har allereie i første kvartal blitt varsla om at Statsforvaltaren tek ei vurdering av dei aktuelle verjemåla: Treng verjemålet advokatverje og har verjehavar faktisk nytte av advokatverje? Eventuelle endringar vil skje gjennom ein dialog mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, verje og verjehavar.

Nokre verjemål vil fortsette som før, då det ikkje vil være naudsynt eller tenleg å endre verje no. Vi oppmodar difor advokatverjene sjølv om å gjere ei vurdering av, om og når, verjemålet eventuelt kan overtakast av fast verje eller vidareførast med fast årleg godtgjeringssats.

Advokatverje framover

Ved oppnemning av advokatverje framover, vil Statsforvaltaren i langt større grad gjere ein konkret avtale om mandatet sitt innhald og omfang, samt eventuelle tidsavgrensingar og korleis oppdraget skal godtgjerast.

Statsforvaltaren er godt nøgd med samarbeidet med advokatverjene i fylket og ynskjer at dette fortsett i dei oppdraga som krev advokatverje.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.