Innsending av årleg verjeregnskap

Alle verjer med økonomisk mandat skal sende inn fullstendig verjerekneskap til Statsforvaltaren innan 30.april kvart år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Sist endra 06.03.2021

Verja plikter å sende inn følgjande dokument for kvart verjemål med rekneskapsplikt:

1. Fullstendigheitserklæring
(årleg erklæring om rekneskap og formuesforvaltning) GA-8042.

  • Alle punkt skal svarast på for at erklæringa skal verte godkjent.
  • Dersom erklæringa vert sendt som papirpost, skal dato og signatur skrivast på for hand.
  • Skjemaet kan ikkje fyllast ut før skattemeldinga for det aktuelle året er klar.

 

2. Skattemelding

Kopi av skattemelding (tidlegare sjølvmelding) for det aktuelle året til personen som har verje.

  • Innan skattemeldinga for det aktuelle året er klar, vert det lagt ut rettleiing her med informasjon om utfylling, utskrift og korleis verje kan få digital tilgang til verjehavars skattemelding.
  • Vert det gjort endringar i skattemeldinga, skal både den originale versjonen og den korrigerte versjonen leggjast med.

 

3. Årsoppgåver

Årsoppgåver frå alle bankar verjehavar har konto i, samt årsoppgåve frå spareforsikringar, Coop (årsoppgåve og kontoutskrift for medlemskonto i Coop), fond, aksjar, obligasjonar og andre verdipapir som høyrer til verjehavar. Sjå skattemeldinga for oversikt.

4. Kontoutskrifter

Kopi av månadlege kontoutskrifter for alle kontoar som verja har hatt disposisjonsrett til i verjemålet.

  • Kontoutskrifter frå alle månadar verje har disponert konto, sjølv om det ikkje har vore bevegelsar på kontoen.
  • Alternativt må det leggjast fram dokumentasjon frå banken på at det ikkje har vore bevegelsar på konto i løpet av året.
  • Kontoutskriftene sendast slik dei kjem frå banken. (Ikkje kopiere dei over i word, excel eller liknande).


Det er ikkje tilstrekkeleg å sende inn transaksjonsoversikt frå konto/nettbank.

  • Dersom teksta ikkje forklarar kva transaksjonen gjeld, skal forklaring førast tydeleg på kontoutskrifta.
  • Alle kontantuttak må forklarast på kontoutskrifta.
    • Det kan evt. nyttast pkt. 5.11 i fullstendigheitserklæringa, eller leggje ved forklaring på eige ark.
  • Det er viktig at transaksjonar på kontoutskriftene vert gjort forståeleg for Statsforvaltar og revisor, slik at det går fram kva midlane er nytta til.

 Vi minner om at verjehavars inntekt som den klare hovudregel skal betalast til konto i verjehavars namn, og ikkje til verjes konto, bufellesskap eller andre.

Det skal ikkje sendast inn kontoutskrifter for konto som i løpet av året berre har vore disponert av verjehavar. Det er da tilstrekkeleg at ein legg ved dokumentasjon med stempel frå bank på kven som har hatt disposisjonsrett til kontoen(e) i 2020.

Plikten om verjerekneskap følger av verjemålslova § 53, og verjemålsforskrifta § 20 ,1. ledd.


Altinn
Statsforvaltaren ynskjer digital innsending, og oppfordrar alle verjer til å sende inn verjerekneskapet via Altinn.

  • Velg skjema Fullstendigheitserklæring GA-8042 og legg ved alle vedlegg som informert om ovanfor.
    • altinn.no, velj «For privatperson» under «Alle skjema» og deretter «Vergemål».
  • Brukarrettleiing for dette skjemaet i Altinn ligg på her

 

Viktig å hugse ved innsending av rekneskap via Altinn:

  • Bruk eigen elektroniske ID ved innsending av verjerekneskapet, ikkje ID til den som har verje.
  • Send komplett verjerekneskap via Altinn når alle aktuelle dokument og vedlegg ligg føre.
    • Bruk korrekt kategori for vedlegga som vert lagt ved.
    • Dersom ein legg alle vedlegga på same kategori, vil ein kunne få purring på manglande innsending.
  • Det skal ikkje sendast papirkopi i tillegg.

 Grense for disponering
Vi gjer merksam på at eit verje ikkje skal disponere meir enn inntil 202 702 kroner (tilsvarande 2G) på vegne av person med verje. Overskytande skal overførast til ein kapitalkonto som Statsforvaltaren skal forvalte på vegne av personen. For nærmare informasjon om dette, sjå vergemal.no eller kontakt Statsforvaltaren.

Oppbevar kvitteringar
Vær merksam på at ein verje med rekneskapsplikt skal ta vare på alle kvitteringar og vedlegg knytt til verjemålet i minst tre år. Kvitteringar og vedlegg skal ikkje sendast Statsforvaltaren.

 Frist 30. april

Fullstendig/samla rekneskap sendes Statsforvaltaren via Altinn innan 30. april.

Mangelfull levering av fullstendig verjerekneskap innan fristen kan få konsekvensar for vervet som verje.

Innan skattemeldinga for det aktuelle året ligger føre, blir det lagt ut nyttig informasjon om utfylling av verja si eigen skattemelding her.

For faste profesjonelle verjer er det krav om digital innsending. 

For andre verjer er det opna for at det kan sende inn verjerekneskap på papir dersom digital innsending ikkje er mogeleg for deg. Verjerekneskapet skal då sendast i samla konvolutt til:

 

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal,  Pb. 2520, 6404 Molde.

 

Det skal ikkje være stiftar eller binders på det som sendast inn. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.