Kva vil det eigentleg seie å ha ei verje?

Vi skal vere glade for at vi har ei verjemålsordning i Noreg. Alle kan kome i ein situasjon der ein ikkje lenger greier å ta vare på seg sjølv fullt ut.
Vi skal vere glade for at vi har ei verjemålsordning i Noreg. Alle kan kome i ein situasjon der ein ikkje lenger greier å ta vare på seg sjølv fullt ut. Foto: Pixabay.com, Lena S. Sandvik og Anita Grønland.

Kjenner du nokon som har ei verje, og veit du kva eit verjemål inneber? Ulike mediesaker om verjemål dei siste åra kan ha gitt folk eit noko feil inntrykk av kva verjemål er.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.12.2021

Kronikk av direktør Tone Monsen Aarø og rådgivar Torbjørn Rogne hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal er det over 2 000 vaksne personar som har ei verje i dag.

Verjemål er frivillig

Britney Spears sin kamp om å få fjerna sin far som verje har fått stor merksemd i media. I NRK sin populære podcast «Oppdatert» vart musikkjournalist Sandeep Singh 3. september 2020 spurt om kva det vil seie å ha ei verje. Singh forklarte at det inneber at ein rett og slett blir umyndiggjort, at ein ikkje kan ta eigne val og at ein ikkje har kontroll over sin eigen økonomi. Sjølv om episoden konkret handla om Britney Spears sitt verjemål i USA, fører nok slike saker til at ein del personar har feil oppfatning av kva eit vanleg verjemål i Noreg er.

I Noreg er nemleg eit vanleg verjemål heilt frivillig. Det er eit hjelpetiltak for dei som ønskjer det, og for dei som treng det. Med eit vanleg verjemål vil ein på ingen måte miste kontroll over sitt eige liv. Tvert imot er målet med verjemål at interessene og ønskja til den som har verje blir tatt vare på. Eit verjemål skal sørgje for at den som treng hjelp kan fungere på lik linje med andre i samfunnet.

Kven kan få verje?

Verjemål er ei ordning for personar som på grunn av skade, sjukdom eller ulike funksjonsnedsettingar ikkje greier å ta vare på sine eigne interesser. Personar som er rusavhengige eller speleavhengige omfattast også av ordninga.

Det er altså eit stort mangfald av personar som har verje i dag. Nokre av disse treng støtte på få områder. Andre vil kanskje ikkje fungere særleg godt i samfunnet utan hjelp frå ei verje på dei fleste område.

Kva kan ei verje hjelpe med?

Det er den som har verje som bestemmer kor mykje bistand ho eller han ønskjer frå verja si.

Verja si oppgåve er å gi støtte og rettleiing. Verja kan også representere den dei er verje for overfor andre, om det er behov for det. For eksempel i møte med bank eller forsikringsselskap. Det vil vere stor variasjon på kva ei verje kan hjelpe med, avhengig av hjelpebehovet til den som har verje.

Verja kan hjelpe til med å søke om ulike tenester, med å klage på offentlege vedtak og generelt sørgje for at rettigheitene til den som har verje blir tatt vare på. Ei verje vil også kunne hjelpe til med økonomien, med å betale rekningar og med å inngå ulike avtalar.

Personen som har verje vil framleis kunne inngå eller avslutte avtalar, betale for varer og tenester og ta kontakt med offentlege myndigheiter sjølv. Ei verje kan aldri gjere noko som personen dei er verje for ikkje ønskjer sjølv.

Verja skal ikkje gi praktisk hjelp som å handle mat eller klede. Det er heller ikkje verja si oppgåve å gi omsorg eller pleie. Verja kan likevel hjelpe til med å søke om eller kjøpe slike tenester dersom personen treng det.

Kven kan vere verje?

Vanlege privatpersonar tek på seg oppdrag som verje. Verja kan altså vere i nær familie eller ein som kjenner personen godt. I fylket har vi også ein del faste verjer. Det vil seie privatpersonar som gjerne tek på seg oppdrag som verje for fleire, og som kan karakteriserast som meir profesjonelle verjer. Det er Statsforvaltaren som avgjer om ein person er eigna som verje. Den som skal ha verje må også sjølv samtykke til kven verja skal vere. 

Kontroll av verjemåla og verjene

Statsforvaltaren skal gi rettleiing og bistand til verjene, og følgje med på korleis dei utfører oppdraget sitt. Verjer som hjelper personar med å ta vare på økonomien, skal sende inn rekneskap til Statsforvaltaren kvart år. Ein del større handlingar krev at verja får eit samtykke frå Statsforvaltaren i forkant.

Korleis få oppnemnt ei verje?

Du kan sjølv søke til Statsforvaltaren om å få verje. Ønskje om verje kan også kome frå nære slektningar eller andre som kjenner deg godt. Statsforvaltaren vil vurdere om du treng verje og om vilkåra for verjemål er oppfylt. Statsforvaltaren vil også undersøkje kor omfattande verjemålet skal vere og kven som skal vere verje. Ein viktig del av denne prosessen er å få snakke med deg som skal ha verje.

Ei ordning under press

Som nemnt innleiingsvis har det vore ein del mediesakar om verjemål den siste tida, og verjemålsordninga har også til dels vore kritisert. Mange hugsar kanskje Tolga-saka der VG i 2018 avslørte at tre brør var feildiagnostisert og hadde verje utan at dei ønskte det. Kritikk mot verjemålsordninga skal ein ta på alvor. I etterkant av Tolga-saka har det blitt gjort ein del grep knytt til verjemålsordninga, og det vert stadig arbeidd for at ordninga skal bli best mogleg.

Vi skal likevel vere glade for at vi har ei verjemålsordning i Noreg. Alle kan kome i ein situasjon der ein ikkje lenger greier å ta vare på seg sjølv fullt ut. Kanskje har du vore føre var og sikra interessene dine gjennom ei framtidsfullmakt? Dersom du ikkje har gjort dette, så er det tryggande å vite at vi har ei ordning som kan sørgje for at du blir ivaretatt vidare med bistand frå ei verje.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.