Nye digitale kurs for verjer

Det er laga fleire nye digitale kurs for verjer om diverse tema knytt til verjemål. Gjennom digitale kurs kan du som verje få naudsynt kunnskap om verjemålsordninga og lovverket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.05.2022

Alle verjer har tilgang til ein digital kursplattform ved å logge inn på «Mine vergemål» på sida www.vergemal.no. På denne plattforma ligg det fleire kurs knytt til verjemål som kan gjere deg som verje betre rusta til å ivareta interessene til den du er verje for på best mogeleg måte.

I 2022 vart det obligatorisk å gjennomføre eit introduksjonskurs for verjer før ein får oppdraget. Det er også laga fleire andre e-læringskurs som kan vere nyttig for deg som verje å gjennomføre. I 2022 har det blitt laga to ny kurs: Eit om samtalemetodikk og støtte til å ta avgjersler, og eit om overgrep og negativ sosial kontroll. Frå før ligg her også kurs om mellom anna digitale verjefullmakter og om økonomisystemet i verjemålsforvaltninga.

Vi oppmodar deg som verge å gå inn på denne plattforma og gjennomføre dei e-læringskursa som er lagt ut der. Dette gjev deg nyttig og relevant kunnskap for oppdraget som verge.

Fleire kurs skal bli lagt ut seinare i 2022.

E-læringskursa finn du på www.vergemal.no ved å logge deg på sida «Mine vergemål» med BankID.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.