Obligatoriske kurs for verjer

Gjennom digitale kurs kan du som verje få naudsynt kunnskap om verjemålsordninga og lovverket. Gjennom å ta desse kursa vert du betre rusta til å ivareta interessene til den du er verje for på best mogeleg måte.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.12.2021

I 2022 blir det obligatorisk å gjennomføra eit introduksjonskurs for verjer før ein får oppdraget. Dette introduksjonskurset gjev deg ei brei kompetanse og ein oversikt over dei prinsippa og det lovverket som du som verje lyt følgje i verjeoppdraget ditt. Når du har gjennomført eit kurs vil dette bli markert heilt til høgre i oversikta, men ein grøn markør. (sjå bilete)

 E-læringskursa som til no er lagt ut finn du inne på www.vergemal.no med å logge deg på sida «Mine vergemål» med eigen BankID. Me oppmodar alle verjer om å gå inn på denne portalen og ta dei e-læringskursa som er lagt ut der. Dette gjev deg nyttig og relevant kunnskap for oppdraget som verje. Det vert i løpet av 2022 lagt ut fleire slike e-læringskurs og videoar, så følg med på «Mine vergemål»!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar