På veg mot digitale fullmakter

For å få inn oppdatert informasjon, har vi utarbeidd eit skjema for å kartlegge hjelpebehovet.
For å få inn oppdatert informasjon, har vi utarbeidd eit skjema for å kartlegge hjelpebehovet. Foto: Pixabay og statsforvaltaren sitt skjema.

Vi gjer no tiltak for å betre rettstryggleiken på verjemålsområdet. På sikt skal verjefullmaktene bli digitale.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.09.2021

Vi har lenge fått tilbakemeldingar om at løysinga med papirfullmakter er tungvint for både verjene og dei som verjene samarbeider med. Det er også slik at papirfullmakter fører til større fare for misbruk. I tillegg har verjemålsordninga vore kritisert for å operere med for vide og generelle fullmakter.

På sikt vil det vere slik at det vert opna ein digital tilgang til dei tenestene verja skal hjelpe verjehavar med.

FUFINN – nye verjefullmakter

Gjennom prosjektet «FUFINN», skal statsforvaltarane allereie no, og trass i at dei digitale tilgangane ikkje er klare, begynne å bruke nye verjefullmakter. Desse nye fullmaktene vil ikkje lenger omfatte personlege og/eller økonomiske høve. No skal fullmakta konkret vise kva verja kan gjere på vegner av verjehavar.

Dette betyr to ting: For det fyrste vil alle nye verjemål som opprettast få eit konkret omfang. Vi vil difor samle inn enda meir informasjon om verjehavar sitt behov før verjemålet opprettast.

For det andre vil vi gjennomgå alle eksisterande verjemål, slik at også desse vert tilpassa dei nye fullmaktene. Vi vil også då måtte samle inn informasjon om hjelpebehovet til den som har verje.

Kartlegg behov gjennom skjema

For å få inn oppdatert informasjon, har vi utarbeidd eit skjema for å kartlegge hjelpebehovet. Dette vert sendt ut til verje i samband med varsel om endring av verjemålet. Vi ber om at dette vert returnert til oss når det er fylt ut.

Skjemaet skal gi oss informasjon om verjehavar og hans/hennar behov. Her kan ein krysse av for kva verjehavar ikkje klarar sjølv og trenger og ynskjer hjelp til. Skjemaet har også eit fritekstfelt som kan nyttast dersom det er andre ting verjehavar treng hjelp til enn det som står på lista.

Det er veldig viktig at ein ikkje kryssar av for meir enn det som er naudsynt! Hensikta med dette prosjektet er jo mellom anna at verjer ikkje skal ha fullmakter som er vidare enn det verjehavar sine behov tilseier.

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål om nye fullmakter.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar